Leder Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for avisens holdning.
Dønfoss har hatt besøk av investorar med tjukke lommebøker. Frå Vestlandet, denne gongen. Selskapet Bluefjords i Luster vil bygge senter for datalagring og kryptovaluta, om enn i langt mindre målestokk enn det økonomiske muskelmenn frå Asia gjer på Lalm.
Overskottsvarmen av anlegget deira, som truleg vil vore nok til å varme opp husstandane i ein tettstad på størrelse med Moelv, har vestlendingane tenkt å nytte til algeproduksjon. Akkurat som på Lalm, der asiatiske eigarar tenkjer at fiskeoppdrett, havreker, protein, biogass og straumproduksjon skal bli ein del av verksemda etter at det store anlegget står ferdig. Og etter at dei massive dataserverane er kopla til globalt skylag.
Så langt har Lalm og Dønfoss hatt eit par ting til felles. Dei har fått til å halde opningstidene på nærbutikken sin. Så har dei eit kraftverk like ved seg. Det siste gjer at det ikkje er langt etter kraftliner som er rusta til å frakte store mengder straum. At norddalen produserer kraft til ein billeg penge no når energimangelen er så akutt at den trugar verdsfreden, gjer nok også at tettstadene brått er attraktive for slike etableringar.
For nå er dei her. Og arbeidsplassar skal det bli, kviskrar investorane frå Singapore og Luster. Skjåk-ordførar Edel Kveen vedgår at beilarar av denne sorten ei ny erfaring. Eitt spørsmål blir kven skjåkverane skal spørje til råds før dei set seg ved forhandlingsbordet. Og korleis skal dei få pengemakta til å garantere for det industrieventyret dei gjev forventningar om.
For det er eit faktum at verdas datalagringsanlegg i altfor stor grad fyrer for skjor og kråke og at gjenbruk av energi er eit viktig tema vorte. I EU blir det arbeidd med nytt direktiv.
Men enn så lenge handlar det altså om vesle Dønfoss og vesle Lalm. Og eit dalføre der næringskonsulentar fortel at dei jobbar med bulyst, dagsturhytter og tankeplassar. No spørs det vel om fylkeskommunen og lokalt regionråd bør ruste seg til større oppgåver. Dersom gigantetableringane kjem i det omfanget vi høyrer, og havreker frå Lalm skal bli eksportvare, må i det minste fleire dra i same lei. For etablerarane meiner vel alvor?