I dag tenkjer eg at corona-pandemien må endre totalt måten vi tenkjer helseberedskap på. Det viktigaste er å auke kapasiteten i talet på sjukehussenger og intensivplassar. I vår region betyr det mellom anna at vi må slutte å bygge ned dei velfungerande sjukehusa vi har rundt Mjøsa. Det nye "Mjøssjukehuset" bør etter mi meining vera eit vidare utbygt Lillehammer-sjukehus.

Dernest må det bli slutt på å drive sjukehus og helseinstitusjonar som "bedrifter". Å prate om at eit sjukehus går med over- eller underskott, er absurd. Helse er ikkje ei salsvare. Helsestellet i landet må koste det det kostar. Innsparingane må skje ved at unødvendige kostnader - som eit rådyrt direktørvelde i helseføretaka - blir bytta ut med fleire tilsette på sjukehus og helseheimar. Da fyrst får vi kvalitetsheving - ikkje ved å bygge eit gigant-/monstersjukehus som sluker driftsbudsjettet for mange tiår framover.

Corona vil gå over. Men det kan koma nye utfordringar. Da må vi vera betre budde enn vi var denne gongen.
Dersom dei som styrer med helsestellet i dag, ikkje er viljuge til å tenke nytt, må vi byte dei ut.

Knut Berg, Vågå