Gå til sidens hovedinnhold

Her er 37 smitta på ei veke: – Ikkje overraska

Om lag 70 personar har hatt positiv koronatest sidan utbrotet i fjor. 37 av dei har kome siste veka.

Det starta med ein person tysdag førre veke, så vart det plutseleg ti, så 20, 25 og 30. Onsdag er ytterlegare sju personar smitta av korona i Vågå.

– Vi er ikkje overraska, og vi veit kvar smittevegen går. Det er snakk om importert smitte etter besøk i utlandet, fortel kommunalsjef for helse, Odd Erik Sveen, i Vågå kommune til GD.

Dei sju nye som er smitta er i all hovudsak knytt til ei enkelt avdeling i den kommunale barnehagen i «Moom»; Søre Grindstugu barnehage.

Les også

– Mange som takket nei, ber nå om å bli vaksinert mot korona

Konsekvensar

Kommunalsjefen er redd for at foreldre nå vel å halde barna heime, i frykt for å dra pandemien inn i eige hus.

– Det er ikkje så rart om foreldra blir usikre, seier han.

Ingen skal vera alvorleg sjuke.

– Barnehagane køyrer på gult nivå både denne veka og neste veke. Det inneber kohortinndeling både ute og inne, ekstra reingjering og at ungane tek med niste frå heime, forklarar Sveen.

Testing torsdag

Torsdag morgon skal tilsette og alle barna i barnehagen testast.

Det er snakk om både hurtigtestar og den så kalla PCR-testen med prøveuttak frå hals og nase.

Feiltesting

Han fortel at dei og har dårlege erfaringar med testing.

– Vi har hatt nokre tilfelle av villsmitte der vi har fått negativt svar etter både dag 3 og 5, etter symptom. Seinare har det vore positivt testresultat likevel. Det er stort sett berre hurtigtestane som har gjeve slikt utfall.

Ni av ti

Tysdag hadde over 2.600 vagværar frå 18 år og eldre fått første vaksinedose. Det utgjer 89 prosent av befolkninga. Nesten 2.000 av desse skal og ha fått dose to og vera fullvaksinert.

16- og 17-åringane kan denne veka ta drop-in vaksine i Vågå.