Alt har gått etter planen for brøytemannskapa over Valdresflya på fylkesveg 51. Det betyr at planen opnar fredag 29. mars.

- Den opnar etter planen fredag, men det er eit lite forbehald om at det er meldt sterk vind fredag, seier Asbjørn Stensrud, seksjonsleiar i Statens vegvesen.

Til vanleg opnar fjellovergangen 1. april etter vinterstenging.

- Sidan dette er ein måndag har vi i samråd med Oppland fylkeskommune bestemt at vegen opnar før den aktuelle helga, seier Stensrud.

Videoen er teke av Besseggen Fjellpark.