Kari-Anne Jønnes (H) prøvar i GD 27. juni å skape eit inntrykk av at det er nokon andre enn Høgre si skuld at E6 ikkje er ferdig. Fram til 2016 gjekk bygginga etter planen, men så stoppa det. Nye Veier hadde fått prosjektet utan at noko meir skjedde. Dette var på Høgre si vakt og er Høgre sitt ansvar.

Les også

Regjeringen setter veiutbyggingen i spill

Heile vegen frå Ringebu til Otta var i NTP både 2010–2019 og 2014-2023, og er av få prosjekt som låg inne i fyrste fireårs periode utan å bli realisert. Sjølv under pandemien, der ein ausa ut pengar til «gryteklare prosjekt» vart ikkje resten av E6 prioritert i Gudbrandsdalen. Nye Veier skulle byggje «raskare, billigare og betre» – berre ikkje i Gudbrandsdalen.

Les også

«Juksemaker pipelort» på veg og bane

Saka er nemleg den at der trase er ferdig regulert, grunnen er erverva, kro og bygg er sanert – der vil ikkje Nye Veier bygge. Dei vurderer ein ny trase. Det er å kaste skattepengar rett ut vindauga. Slike omkampar og slikt dobbeltarbeid ynskjer ikkje Senterparti-Ap-regjeringa meir av. Vi vil heller ha meir veg og meir føreseieleg utbygging.

Marit Knutsdatter Strand, stortingsrepr. (Sp), Oppland