I mai 2021 behandla kommunestyret i Lillehammer rekneskap for 2020. Det var eit netto driftsresultat som gjekk i minus med -44,2 mill. kroner, eller – 1,62 prosent av driftsinntektene. Krevjande, eller dårleg økonomi i kommunen, høyrer med til dei meldingane som me som innbyggjarar får formidla tidt og ofte. No i starten på sommaren er det stille i media rundt økonomi, men det er sannsynlegvis berre stille før stormen. Til hausten vil det sannsynlegvis koma varsel om kutt i budsjettrammene for 2022.

Budsjettet for 2021 inneheld klare krav om kutt – eller ‘nedtak’ som det sminka ordet heiter i budsjettretorikken – i rammene for fleire sektorar, mellom anna helse- og velferdssektoren. «Tilrettelagde tenester» er eit tungt tenesteområde med høge utgiftstal. Tenesteområdet omfattar personar som har rett på hjelp i kvardagen. Mange bur i bufellesskap, men ikkje alle. Hjelpebehovet varierer mykje mellom ulike personar, men felles for alle er behovet for levande personar og hjelpande hender.

I 2021 er nedtakskravet 10 mill. kroner, dvs. ca. 20 årsverk. Mellom anna har det ført til reduksjon av transporttenestene til og frå dagtilbod/arbeidsoppgåver. Som pårørande merkar me også andre konsekvensar av denne reduksjonen. Det vert oftare situasjonar der hjelpemottakar må sitja åleine, gjerne overlaten til tv-apparatet. Det er så godt som umogeleg å gje brukarane høve til individuelle besøk på kafé, kino, konsertar. Brukarane må i aukande grad samlast i grupper for å kunna ha nok hjelpepersonale. Gruppetenkinga snik seg inn bakvegen. Enkeltindivida vert primært vurderte som medlem av gruppa funksjonshemma, ikkje som enkeltindivid med eigne ynske og preferansar.

Heilt sikkert har administrasjonen fått i oppgåve å vurdera korleis økonomiramma i 2021 kan reduserast endå meir i 2022. Somme, både politikarar og andre, vil sikkert applaudera at ein tenesteområde som tilrettelagde tenester må effektivisera.

Det dei ofte gløymer, er at personar som får tilrettelagde tenester i kommunal regi, har heile livet sitt i hendene på det kommunale hjelpeapparatet. Dei har hjelpebehov 24 timar i døgeret, 365 dagar i året. Funksjonsnedsetjinga tek ikkje ferie, og hjelpebehova reduserer seg ikkje sjølve i sommarferien. Denne brukargruppa er heilt avhengig av tilstrekkeleg personale som kan gje dei ulike brukarane høve til å leva individuelle liv. Skulle det koma nye krav om å redusera årsverk i tilrettelagde tenester, vil det nærma seg ein tilstand der kommunen yter tenester som i aukande grad nærmar seg oppbevaring.

Den usminka sanninga i slike reduksjonsprosessar er at kommunen leitar etter løysingar der ein kan redusera personale og tiltak utan å direkte koma i konflikt med lov om kommunale helse- og omsorgstenester. Som pårørande opplever me at formålsparagrafen i denne lova får eit fiktivt preg over seg. Dei kommunale tenestene skal «sikre at den enkelte får moglegheit til å leve og bu sjølvstendig og til å ha ein aktiv og meiningsfylt tilvære i fellesskap med andre.» Stadig reduksjon av personaltenester er ikkje den rette måten å sikra dette på.

Magne Velure, medlem av Brukerforum for tilrettelagde tenester, Lillehammer