Gå til sidens hovedinnhold

Høgskule i Gudbrandsdalen

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I eit innlegg omkring nytt slakteri på Otta for ein knapp månad sia tok tidlegare politisk redaktør i GD Halvard Grotli til orde for at det Norddalen verkeleg treng er ein ny «campus,» dvs. nye opplæringstilbod. I GD 22.12. fylgjer Ole Tvete Muriteigen, Anders Bergseth og Asbjørn Stensrud opp debatten med «Styrk Gudbrandsdalen med ein høgskule !»

Båe innlegga gjev viktige og gode grunngjevingar og peikar på positiv utvikling i andre område som har fått nye utdanningsmoglegheiter. Og før vi gudbrandsdølar går oss fast i nye lokaliserings-debattar, vil eg gjerne takke dei over nemnde for eit viktig initiativ.

Dei store klimaendringane vi alt har fått og som vil skyte meir fart dei neste tiåra har hittil slått mest positivt ut for Gudbrandsdalen, med lengre vekstsesong, aukande nedbør og høgre sommartemperaturar. Trass i ovstore flaumar og aukande jordskredfare må konklusjonen likevel bli at Innlandet så langt har trekt eit vinnarlodd.

Men det må også seiast ingen tidlegare generasjon på Jorda har vorte og vil bli stilt overfor større endringar og utfordringar enn oss, og det gjeld også Gudbrandsdalen. «Dei fleste arbeidsplassane om tjuge år, er truleg ikkje skapt enda.» og berre større kunnskap og innsikt kan setja oss i stand til å velja klokare vegar inn i framtida.

Frå ein open «campus» med høgskuleklasser kan gudbrandsdølane rette blikket framover mot framtidige arbeidsplassar i heimbygda i staden for å hoppe på pendlartoget mot overfylte byar.

Torgeir T. Garmo, Lom