Hold your horses, nynorsken er ikkje død heilt enno

Hold your horses, som ein ville kunne ha sagt på nyare sidemål. Nynorsken er ikkje død heilt enno.

Hold your horses, som ein ville kunne ha sagt på nyare sidemål. Nynorsken er ikkje død heilt enno.

Av
DEL

lesarinnlegg

Innlandet FpU er raskt på banen og prøver å gje Frp æra for endringar i læreplanen når det gjeld vurdering i norskfaget. Dessverre driv Steffen Tingvoll Evensen populistisk overskriftspolitikk i kjend stil, som vitnar om at han ikkje har sett seg inn i endringane i samband med fagfornyinga.

Endringane av karakterpraksisen i norskfaget blir tekne som ein delsiger på vegen mot å fjerne obligatorisk sidemål. Dessverre må eg skuffe dei som eventuelt har byrja å førebu gravølet for nynorsken – og det er her ein har det første springande punktet: Dei som har nynorsk som hovudmål, har bokmål som sitt sidemål, og bokmål som «sidemål» vil uansett ikkje forsvinne. Det er altså ikkje noko poeng å drive liksom-demokrati og late som om ein bryr seg om dei som har nynorsk som hovudmål, så lenge det faktisk er sjølve nynorsken ein vil til livs, og ikkje «sidemålet» som eit fenomen.

Men for å seie det rett ut, det er «fake news» at ein har tenkt å fjerne vurdering i sidemålet på 8. og 9. og 1. og 2. trinn i vidaregåande skole, som Tingvoll Evensen skriv. I samband med tanken om djupnelæring har ein valt å slå saman dei to skriftlege karakterane til éin karakter, dvs. den eine karakteren vil då gjelde vurdering i begge målformene. I tillegg har ein faktisk tenkt å styrke sidemålsopplæringa i skolen. Ein skal no eksperimentere med skriving på sidemålet allereie frå fjerde trinn, og det skal sikrast at formell opplæring i sidemålet startar på åttande trinn.

Dette er truleg eit godt val. I motsetnad til det mange frå Frp og Høgre gjerne trur, er det ikkje sjølve karakteren i sidemålet (nynorsk) som er problemet, men det at ein får for dårleg opplæring i den andre målforma gjennom heile skoleløpet. Strengare krav til mattekarakteren for å komme inn på lærarutdanninga har heller ikkje ført til drama og rop om at ein må fjerne heile matematikkfaget.

Det er elles interessant å observere at spesielt mange av ungdommane i Frp og Høgre prøver å redusere sidemålet til noko ein «mest sannsynlig ikke vil få bruk for senere i livet». Igjen vil eg seie til desse som leikar politikk, kall ein spade for ein spade. Dersom ein har nynorsk som hovudmål, vil det vel neppe gje meining å seie at ein ikkje får bruk for sidemålet sitt, bokmål, seinare i livet. Ein må altså slutte å late som om ein meiner sidemålet, når ein spesifikt meiner nynorsk.


Skal ein fjerne nynorsk som statsspråk i Noreg, må det ei lovendring til. Bokmål og nynorsk (eller dansk og landsmål) har vore sidestilte målformer sidan 1885, og dette skal igjen formulerast eksplisitt i den nye språklova som ein held på å utarbeide. Så, hold your horses, som ein ville kunne ha sagt på nyare sidemål. Nynorsken er ikkje død heilt enno.


Jens Haugan, dosent i norsk Høgskolen i Innlandet

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags