«Med eit nytt større fylke frå 2020, - kvar er da Gudbrandsdalen sin plass? Kva for identitet?». Kva slags region?

Dette er spørsmåla arrangøren stiller i invitasjonen til årets Gudbrandsdalsseminar. Det er mange slags regionar: administrative, politiske, funksjonelle og fleire til – deriblant identitetsregionar.

Erfaring viser at geografiske område som inkluderer fleire av desse regiontypane samstundes, styrkar seg som region. Fylkeskommunen er både ein administrativ og politisk region og skulle slik sett stå sterkt som region, men er samstundes det beste eksempelet på at sjølv dette ikkje er tilstrekkeleg.

Ein identitetsregion er ein region som du og eg knyter identiteten vår til. Når du møter ein framand på gata i Oslo og skal fortelje kvar du er ifrå, kva svarar du da?

I oppvekst og ungdom ville eg først ha sagt at eg er gudbrandsdøl. Dersom vedkomande eg pratar med er kjent oppover dalen, vil han spørje kvar ifrå i dalen eg kjem frå. Eg er norddøl, ville eg ha svara da. Og kvar i Nordalen er du frå? Skjåk. Og kvar i Skjåk: Reppen.

Eg veit ikkje kva ungdom i dag ville ha svara, men eg er nokså sikker på at ungdom frå Lillehammer ikkje ville ha svara at dei er frå Gudbrandsdalen. Dei ville nok ha svara Lillehammer.

Gudbrandsdalen har aldri vore verken ein politisk eller administrativ region. Kva var det som gjorde at så mange av oss likevel hadde identitet som gudbrandsdølar?

Vi veit noko om kva som skapar identitetsregionar. Det er til dømes språk, historie og landskap. Andre gjer meg til gudbrandsdøl når dei høyrer dialekta mi og seier at «eg høyrer du er frå Gudbrandsdalen».

Anders Sandvik og Ivar Kleiven gav oss ein sterk historisk identitet ved museumsbygging og lokalhistorieskriving. Kleiven kopla historie og dialekt gjennom å skrive alle bygdebøkene på bygdas eiga dialekt.

Gudbrandsdal gymnas stod på nynorskens og Landsgymnasets tradisjon og samla alle gymnasiastane i heile dalen til felles danning og utdanning. Summen av alt dette og meir til (som Årbok for Gudbrandsdalen, Gudbrandsdalssongen osv.), gjorde at vi kalla oss gudbrandsdølar.

Dersom målet er å vedlikehalde eller byggje opp ein gudbrandsdalsidentitet, er det mogleg å skrive ei forfallshistorie. Ingen merkar at lillehamringar har snev av gudbrandsdalsdialekt, «Dølaheimen» på Lillehammer har skifta namn, Vinstra og Otta prøver å blåse seg opp til byar og kvitte seg med døla- og bygdeassosiasjonane, Maihaugen raskar saman bygningar jamvel frå Oslos borgarskap, reiselivsnæringa har forkasta Gudbrandsdalen som merke og marknadsfører seg som «Visit Lillehammer» og «Nasjonalparkriket Reiseliv», Gudbrandsdalslaget i Oslo er nedlagt og har «restelag» i 2019 . Opplaget til Årbok for Gudbrandsdalen er i fritt fall.

Midt oppe i dette forfallet er det også mogleg å sjå eller håpe at noko nytt er i emning. Ja, vi har fått Gudbrandsdalsseminaret – ein årleg møteplass som kan byggje identitet. Oppi alt det nye, lever vi framleis av mat. «Gudbrandsdalsmat» har vorte ein regionintegrerande organisasjon som veks saman med lokalmattrenden.

På tuftene av landevegsrøveriet etter at DNB stakk av med sparebankane i dalen, har dei to bankane som trassaktig ikkje let seg fusjonere, Lom og Skjåk sparebank og Fronsbanken, bygd sine nye hus og gudbrandsdalsprofil. Vi har til og med fått namnet «Sparebank 1 Gudbrandsdalen». Og ikkje minst: vi har fått Gudbrandsdal Energi, ein nasjonal aktør på kraftmarknaden.

Framleis manglar det likevel noko heilt avgjerande for langsiktig regionbygging. Gudbrandsdalen er verken ein politisk eller administrativ region. Også her er det mogleg å sjå ljos i tunellen: Vi har fått Gudbrandsdalstinget – ein møteplass for alle kommunane i dalen. Oppland Fylkeskommune har organisert seg med eit politisk-administrativ nivå mellom seg og kommunane: regionkontora.

I det nye fylket «Innlandet» må det seriøst drøftast om dei tre regionkontora vi har oppover dalen skal gjerast om til eitt kraftsentrum. Dette vil kunne få både politisk og administrativ kapasitet og kompetanse.

Det nystarta Gudbrandsdalstinget kan lett døy ut, og vil aldri bli ein sterk politisk aktør. Med Gudbrandsdalstinget som det øvste politiske organet for dølenes dal og med eige budsjett og administrasjonen, vil tinget kunne bli eit organ som ordførarar i kommunane ville prioritere og fylkesordførar må lytte til. Dette kan likevel ikkje byggje tilstrekkeleg identitet utan av vi også byggjer i vid meining kulturelle institusjonar og da er språk og namn alltid viktig.

Lillehammer må også bestemme seg om byen vil vere dølahovudstaden. Byen bør kanskje i framtida slutte å invitere utflytte dølar heim under slagordet «homesick» slik det nå blir gjort?

Kanske finst det også alternativ til at bybarna skal etablere bedrift ved hjelp av byens «Hub Pub»? Identitetsbygginga står i dag i språkleg spagat mellom kunnskapsparken som har skifta namn til «Skåppå» og altså – Hub Pub.

Les også: Eg samlar all uvetskapen og vandalismen i eit ord: Lomoen. Dei fargerike klossane tener for meg ein ideologi der berre rå, kapitalistiske krefter styrer. Og dette er, mistenkjer eg, berre byrjinga.

Les også: Kan et seminar gi svaret på hva Gudbrandsdalen er?

Les også: Ein samla Gudbrandsdal