Hurra for Vesl-Peer!

Foto:

Av
DEL

lesarinnleggHurra for GD, som laurdag 10. august faktisk skriv «Vesl-Peer» på eit framsideoppslag. Denne nemninga på den unge Peer ved Gålåvatnet står i kontrast til den meiningslause skriveforma «Vehl-Peer», eit namn organisasjonen har instituert på miniutgåva av Peer Gynt-prisen. I seg sjølv synleggjer denne statuetten ein svært god idé, og fortener sin plass til fulle som ein honnør til frivillige hjelparar. Derimot fortener den ikkje det meiningslaus skriftuttrykket den dessverre fekk i si tid. Formålet var sikkert å finne ein bokstavkombinasjon for det austnorske dialektuttrykket for «tl»/»sl». Slik bokstav finst ikkje i normalskrift, og namngjevarane landa dessverre på «Vehl-Peer» – ei skriveform som i vanleg lesetolking vil bli til «Vel-Peer».


Dei som har den austnorske lyden inne, og ikkje minst alle som i ulike samanhengar har høyrt og høyrer namnet referert munnleg, vil lett forstå at dette er «vesle Peer», eller «vetle Peer». Det hadde tent Peer Gynt-organisasjonen til ære om dei kunne bruke anten «Vesl-Peer» eller «Vetl-Peer» som namn på statuetten. Dette vart forsiktig påpeikt for fleire tiår sidan, utan hell.


Er det for seint å endre skrivemåten, slik at eit godt tiltak også kan få eit godt namn?


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags