Den varme, jordbruksfiendslege tørkesommaren i fjor gav meg ei husfluge som terapeut.

Ein dag i slutten av august sat eg i shorts på altanen og sola meg. Låra var brune og pene å sjå på. Ei husfluge kom og sette seg på det eine låret, litt opp for kneet. Der vart ho sitjande. Ho var tydelegvis like fornøgd med låret som eg. Brunfargen gjorde at låret vart varmare, noko husfluga sette stor pris på.

Eg plasserte eine handa på låret, 10–15 cm opp for fluga. Så lét eg handa gli sakte, sakte nedover. Av og til tok eg pausar og heldt handa i ro. Eg vart etter kvart meir og meir fylt av ei intens spenning og ei stor undring over kor nær handa mi kunne koma fluga. Da fluga til slutt letta, var tuppen på langfingeren min berre vel ein cm unna henne. Gjennom meg strøymde da ei djup takksemd fordi fluga opplagt ikkje såg på meg som eit skremmande vesen.

Innan eitt minutt kom fluga tilbake og sette seg ganske nøyaktig på same staden. Eg kjende att ho med ein gong fordi ho hadde eit ørlite hakk i den høgre vengen ... Eg starta nesten straks med gliderørsla med eine handa omtrent på same staden som sist. Mot slutten var eg enda meir varsam enn fyrste gongen. Knapt nokon kan tru det. Eg stansa ikkje handa før langfingertuppen så vidt rørte ved vengene til fluga. Fluga flaug ikkje. Ho sat still og kjende på kontakten med meg slik eg kjende på kontakten med henne.

Dette var fyrste gongen i mitt lange liv at eg opplevde ei slik eventyrleg og nær kontakt med ei fluge. Den mest vanlege kontakten tidlegare hadde kanskje vore at eg hadde slått i hel fluger med ei samanrulla avis. Møtet nå mellom meg og denne husfluga var ei form for eit kortvarig samliv – som eg trur vi båe to kan karakterisere som svært godt. Fluga fekk ein god og varm sitjeplass på eine låret mitt. Deretter erfarte ho fort at ho trong ikkje å vera redd for meg. I staden for å flyge vekk og bli borte, kom ho tilbake. Ho demonstrerte kor stor tillit ho hadde fått til meg ved at vi kunne røre ved kvarandre.

På meg gav møtet vårt eit djupt og uutsletteleg inntrykk. Eg fekk stor respekt for denne fluga, dette ørvesle vesenet i forhold til store meg. Fluga fylte meg med undring og beundring, ikkje berre over seg sjølv, men over livet. Eg veit at eg ofte vil koma til å tenkje tilbake på denne hendinga. Eg veit også at kvar gong desse tankane kjem, vil dei framkalle ei god stemning i meg. Eg kan derfor slå fast at fluga har gitt meg ei varig psykisk hjelp.

Menneska og insekta må innrette seg på eit fint samliv. Den dagen vi har skapt ulevelege forhold for insekta her på jorda, har vi også skapt ulevelege forhold for oss sjølve.