I løpet av mange års kamp for beiteretten er det ein ting som for meg er heilt opplagt. Folk som pratar dialekt snakkar gjerne varmt om lokaldemokratiet, men ingen påpeiker den urimelege maktskjevheita som trer fram i lokalpolitikken. Framsida på GD 31. mars er eit illustrerande eksempel. I dag er det 750 hytter på Gålå. Ved rullering av kommuneplanens arealdel har utbyggerne spilt inn ønske om 970 nye. Omtrent slik må det vel også bli?

Det er ei stor skjevheit mellom dei som forvaltar beiteretten i tradisjonell utmark, og dei som ønsker å erstatte denne utmarka med hytter. Utbyggerne har sine konsulentfirmaer. Dei er planleggere, arkitektar og advokatar. Flinke folk med høg utdanning. Dei lønnes godt av våre nyrike hyttebaronar må vite. Jobben er å overtyde kommunen, både byråkratane og politikarane, om at område etter område må omreguleres frå LNF-område til hyttefelt. Saman lykkes dei godt!

Jau, beiterettshavar kan svare på høyringa han med, dersom han finn fram under ei bortgøymd fane på kommunens heimeside. Sjeldan får vi følgt med i timen. Ikkje er det så lett heller. Mellom lamming og våronn. Den kommunale samfunnsdelen først. Så den kommunale arealdelen. Lese grundig, svare godt. Er det nokon som ser at ein beitebruker slit med å formulere og skrive like godt som utbyggernes konsulentar, der gardsarbeid og andre gjeremål tar all tid?

Utan vidare diskusjon blir stadig fleire område sett av til fritidsbusetnad i kommuneplanens arealdel. Halve jobben gjort, da er det berre for dei same utbyggerne og konsulentfirmaene å starte detaljreguleringa. Private initiativ godt på utsida av den kommunale forvaltninga, og alle oss andre. I denne runden trenger vi ikkje ein gong å sende vårt høringsinnspill til kommunen.

Jauda, området «konsekvensutgreies». Eg veit det. Planter, dyr, flaum og rasfare. Dokument og prospekt blir jobba fram, eigne møter med kommunane. Alt blir ordna før detaljreguleringsplanen sendast ut på høyring. Men kor er vurderinga i forhold til beiteretten? Er det konsekvens-greidd ut kva slags påverknad hyttefeltet har på beitedyra? Ofte blir hyttene lagt til dei beste beiteområda, og da gjerne i eller på dei gamle seterstulene. Området er så klart ikkje beitekartlagt. Det er det heller ingen av dei involverte som er interessert i. Dei veit svaret. Godt og svært beite, her som mange andre stader.

Når eg som beitebruker omsider kjem på bana, i siste omgang, detaljreguleringa, opplever eg ikkje å bli høyrt. Avgjerda er tatt får eg opplyst. For lenge sida. I kommuneplananes arealdel. Eg opplever at kommunen og Statsforvalteren ikkje ein gang forsøker å rette litt opp i den urimelege skjevheita som er. Dei som skulle sørge for langsiktig og god arealforvaltning. Dei som på sett og vis skulle føre min penn. Heller blir dei enten aktive eller passive støttespillere til utbyggerne.

Tilbake står beitebrukerne, sinte og skuffa, med beiterett og samfunnsoppdrag å produsere mat. Eit oppdrag som berre høyrast omtalt i fagre festtaler på Stortinget og aldri i den reelle arealpolitikken lokalt. Ikkje ein gong i kontrakten til hyttekjøper står det opplyst at det er heftelser på hyttetomta. Beiterett. Grunngiving: Verdien av hytta blir mindre. Velkommen til våre utmarkskommunar!

Ole-Petter Berget, leder i Utmarksutvalget i Norsk Bonde og Småbrukerlag