Gå til sidens hovedinnhold

Ikkje rasar skuletilbodet i Heidal

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Klubben i Utdanningsforbundet, Heidal ønskjer å kommentere det høgst problematiske forslaget til frådeling av klasser på Heidal skule. Det er vanskeleg å forstå dette forslaget som både er sjølvmotseiande og paradoksalt, sidan Sel kommune nå skal vere ei omstillingskommune, i det heile tatt å foreslå dette sender ut ein kontrabeskjed til bygda Heidal og framtidige heddølar.

La oss forklare, vi er ikkje i mot frådeling i seg sjølv, men skal ein lukkast med frådeling av klassar er dette svært krevjande ressursmessig. Det krev høg lærartettleik. For dei skulane som lukkast, er suksessfaktoren høg lærartettleik. Fådeling av klasser er ikkje noko sparetiltak! Då går det ut over kvaliteten på skulen, og elevane i Heidal får ikkje eit likeverdig tilbod samanlikna med dei andre elevane i Sel Kommune.

Dei siste åra har Heidal Skule vore ein dynamisk fådelt skule. Erfaringane vi har gjort frå dette viser at når ei slik avgjersle skal takast må det vurderast ut ifrå kvar enkelt elevgruppe, der tilrettelegging for eleven sit beste skal vere i fokus. Vi meiner at leiinga ved skulen er mest kompetent til å ta pedagogisk forsvarlege avgjerder ut ifrå barnet sit beste.

Heidal skule sine verdiar er tufta på at vi skal drive på ein pedagogisk forsvarleg måte som gjev trygge rammer til det beste for elevane. Brukarundersøkingar, nasjonale prøver og eksamensresultat viser at vi lykkast med dette. Vi kan vise til god trivsel blant elevar og tilsette, og resultat som tilseier at elevane har høgt fagleg utbytte av undervisninga vi driv ved Heidal skule.

Noko anna vi vil understreke er at det i økonomiplanen er peikt på at bakgrunnen for dette er elevtalsnedgang, men om ein ser på tala er det svært liten nedgang i perioden, berre seks elevar. Kutta som er lagt fram i økonomiplanen svarar faktisk til over ein halv million for kvar av desse elevane.

Ei statisk frådeling av skulen vår og kutt i ressursar, vil minske dette gode læringsmiljøet og gå utover det pedagogiske tilbodet vi kan gje. Ei frådeling av skulen vi gje ein meir kompleks undervisningssituasjon for oss lærarar. Vidare kjenner vi på stor uro for korleis vi skal greie å vareta kvar enkelt elev på ein like god måte når lærartettheita vil bli så drastisk redusert. Vi meiner også at dette fører til at elevane i Heidal ikkje vil få eit likeverdig pedagogisk tilbod samanlikna med elevar på Otta.

Sel kommune har ein strategi og handlingsplan om tidleg innsats, der vi kan lese «Tidlig innsats innebærer forebyggende arbeid i tjenestetilbudene, og at adekvat hjelp gis før problem blir komplekse og fastlåste.» Forslag om frådeling og kutt i ressursane er etter vår meining stikk i strid med dette.

I denne samanhengen kan ein spørje seg: vil ei frådeling av Heidal skule samsvare med slagordet for Sel kommune? Samhandling, engasjement og likeverd?

Vi som pedagogisk personale er engasjerte og framoverlente og godt rusta til å møte framtida. Vi er opptekne av at elevane våre og skal vere engasjerte og deltakande i skulekvardagen. For å få til dette må vi som lærarar vere tett på elevane både fagleg og sosialt, og følgje dei opp. Dette er ein krevjande jobb med dei ressursane vi har i dag, og korleis vil vi da greie oppgåva med enda mindre ressursar? Heidal skule blir sett på som ein attraktiv arbeidsplass med eit sterkt fagmiljø og gode sosiale tilhøve. Dette vil bli rasert dersom fagmiljøet blir mindre og arbeidsoppgåvene meir komplekse. Å undervise i ein fådelt skule krev ein heilt spesiell pedagogikk, kompetanse på dette feltet er fråverande i lærarutdanninga.

Elevane våre har høg gjennomføringsgrad i vidaregåande opplæring, og det viser at dei gjennom skuleløpet sitt ved Heidal skule blir godt rusta for framtida.

Når no Sel kommune skal satse på å bli ei omstillingskommune, meiner vi det blir heilt feil å ikkje satse på å bevare skulen som den er i dag. Å greie ut frådeling av skulen vil vere å arbeide for ei nedbygging av skuletilbodet i Heidal. Det rimar ikkje med satsing på vekst og utvikling i heile kommunen.

I Heidal blir det satsa friskt i næringslivet, og vi har engasjerte lag og foreiningar der ungdom og unge vaksne er sentrale aktørar. Dette vil vi sjå gode resultat av i åra framover. Vi meiner at det engasjementet som kjem til syne i Heidal når det gjeld næringsliv er viktig for Sel kommune i omstillingsarbeidet. Aktørane som er viljuge til å satse treng slett ikkje usikkerheita som dette utspelet fører til. Sel kommune står fram som langt meir attraktiv med tilbod i to ulike typar samfunn å busette seg i, i staden for enn eitt – byliv på Otta og bygdeliv i Heidal og på Sel. Dersom du søkjer bygdelivet er ei grend med dårleg skulekvalitet lite attraktivt. Vi veit at mange av våre elevar har som mål å kome attende etter end utdanning, vi håper at de ser kor viktig dette kan bli for kommunen vår i framtida.

Vi meiner at utspelet er eit tillitsbrot ovanfor Heidalssamfunnet som vil skape unødig splid mellom bygd og by – sentrum og periferi. Vi håper at de politikarar vil sjå at ein ny utgreiing vil skape større avstand til rådhuset og usikkerheit blant innbyggjarane. Dette er eit tidspunkt der vi heller treng å stå saman i kommunen når vi nå går inn i ei periode med omstilling – for å skape ei framtid i heile kommunen!

Vi ønskjer at Sel kommune skal profilere seg på at Heidal skule er ein god skule som bidreg til at folk vil flytta hit – at ungdommar vil flytta heim att for at barna deira skal få ein like god oppvekst som dei sjølve. Skulen er ein arena for læring, utvikling, tilhøyrsle og identitetsbygging. Dette oppnår vi gjennom ein trygg, føreseieleg skulekvardag og fagleg sterk skule med trygge vaksne som har overskot og kunnskap til å gje elevane det dei har rett på. Og slik må det fortsetje å vera – inn i framtida.

Synnøve Svindland, Inger-Lise Leirflaten, Åse-Bente Broløkken, styret Utdanningsforbundet v/Heidal skule