Så er tida inne for å diskutere 4 eller 5 dagars skule veke i Nord Fron att. Og eg som for lengst er ferdig med små ungar skal ikkje meine mykje om dette, meiner nokon. Men eg vil likevel lufte nokre tankar. Tankar om korleis livet for ungane våre som no er i organisert aktivitet minst 5 dagar i veka, og helst både 8 og 10 timar i døgnet har det. Det er opp om morgonen, for å vera klar til SFO kl. 07, for foreldra skal på jobb helst før seinast 08.00. Så er det SFO, skule, og SFO etter skuletid att, for foreldra er ikkje ferdige på jobb. Etter SFO er det kanskje litt mat, før foreldre køyrer på fritidsaktivitet.

Eine grunnen til at administrasjon i Nord Fron kommune no vil ha 5 dagars skule veke er at ungane i Nord Fron har mindre timar i skulen enn dei har andre stader. Der saknar eg meir fakta, med tal over tid. For, er det slik at elevar i kommunar med 4 dagars skuleveke over mange år gjer det dårlegare i nasjonale prøver? For er svaret her JA, så stiller alt seg annleis. Slik er det ikkje no. Det finst ingen tal som seier at fleire timar på skulen er mykje betre, over tid, for ungane. Det kan da ikkje vera slik at ein må ha meir timar, berre for å ha timane, viss det viser seg at kunnskapen er den same.

Samstundes som Nord Fron no har oppe saka att, kjem det i media at ungane våre slit med den tidlege starten på skulen. Mange er ikkje 6 år før langt ut i skuleåret, og gutane slit mest. Dei pratar om at 6 års reforma ikkje vart slik som tenkt. Det er for mykje krav, for mykje dei MÅ gjera. Ungar slit med psyken og stress, medan dei skal ha meir og meir som dei må.

Eg har heile tida vore for 4 dagars veke, og kjem til å vera det i denne runda og. Det handlar om fridom. Fridom til å gjera det som ein vil saman med fyrste og andreklassingen sin ein dag midt i veka. Argument for 5 dagars skuleveke i kommunestyret 21. Mars var at dei fleste har 5 dagars barnehageplass. Og når ein les det ein vil, utan å ta omsyn til om ungane faktisk er i barnehagen 5 dagar i veka, så kan det vera eit godt argument. Men som tante veit eg at det er låg terskel for å gje beskjed om at ungen ikkje kjem etterfølgjande dag. Det kan ein ikkje gjera når ungen byrjar på skulen, den er obligatorisk.

Likestillingskorte dreg ein og, som argument for å ha 5 dagars skuleveke. Eg vil dra det når det gjeld å ha 4 dagars veke eg! Mange jobbar turnus og ser ikkje ungane sine i helgane dei jobbar, det å da ha onsdagane heime med dei er eit pluss for dei det gjeld.

Alt har to sider, og utfordringane er ulike hjå ulike familiar. Men ikkje ta frå familiane valfridomen!

Borgny Sletten, Nord Fron (Sp)