Kva er det viktigaste du kan gjera når nokon fell om og du ikkje får kontakt med vedkomande? I ei undersøking svarar 1 av 3 at dei ville sjekke puls eller leggje personen i stabilt sideleie. Det er vel og bra, men ikkje rett: Det aller viktigaste du kan gjera i ein akutt situasjon, er å ringe 113 med ein gong.

Stiftelsen Norsk Luftambulanse gjennomfører Akuttaksjonen nå før påske. Målet er å gjera nordmenn flinkare til å handtere akutte situasjonar. Når flest mogeleg veit korleis dei skal reagere i en akutt situasjon, blir det tryggare for oss alle.

Når du ringer 113, får du snakke med personell med erfaring, som hjelp deg til å ta dei rette og livreddande grepa fram til hjelpa kjem. Nå kan også operatøren på 113-sentralen bruke mobilkamerat ditt til å få oversikt over situasjonen, og gje råd og hjelp om rett handtering til hjelpa kjem fram. Denne funksjonen blir nå tilgjengeleg for stadig større delar av landet: Store delar av legevakt- og 113-sentralane over heile landet har nå teke i bruk video i nødsamtalarr. Takka vera støtta frå våre 260 000 støttemedlemmar har Norsk Luftambulanse kunne utvikla ei slik videoløysning, og gjeve den i gåve til det offentlege helsevesenet hausten 2021. Ved årsskiftet var det allereie gjennomført 50 000 videosamtalar. Dette er eit godt eksempel på at eit samarbeid mellom det offentlege og ideelle organisasjonar styrkar akuttberedskapen i Norge.

For som vi seier: ingen reddar liv ålene. Derfor er det viktig å hugse på dette: Dersom du kjem til ei ulykke eller opplever at nokon blir akutt sjuke, og du blir redd for at liv eller helse er i fare: Ikke vent og se – ring 113.

Reidun Øvre Øygard, regionrådsleiar Øst, Stiftelsen Norsk Luftambulanse