Snart er det jul igjen!

29. november 2018, kl. 20:20

Det var ungar overalt, og ganske mange vaksne og, då julegata vart opna og julelysa tent på Vinstra torsdag ettermiddag. Nissen kom med godteposar, men på ungane sine ønskelister kjem det til å stå andre ting dei ønskar seg under treet på julekvelden. Slim, til dømes. Adventstida er offisielt i gang på Vinstra.