15. september er starten for småviltjakta i statsalmenningane i Jotunheimen. Men no er det berre i Vågå dei slepp jakta laus. Rett nok er det begrensingar i kortsalet for jegarar med hund og utanbygds jegarar utan hund. Det er også lov å skyte berre ei rype pr. dag. Det vert oppfordra til ikkje å skyte på enkeltryper eller når ein ser to fuglar saman. Etter to veker kan det hende dei vil stoppe jakta.

Eg kan ikkje forstå kva som er argumentasjonen for å setja i gang ei slik jakt og med dei begrensingar og manglande forutsigbarheit som er vedteke i Vågå Fjellstyre. Ryperapporten for 2022 viser nedslåande resultat i rypeproduksjonen over heile Sør-Norge. Nabofjellstyra i Lom og Øystre Slidre har forstått at dei få rypene som er att i fjellheimen må takast vare på for framtidige generasjonar av jegarar og folk som vil oppleve gode møte med denne truga arten.

Eg har budd fast snart 20 år i Sjodalen og brukar fjellet heile året. Dei gongene eg får oppleve å sjå ei rype blir sjeldnare for kvart år. Noko er tapt. Spenninga. Lyden av skrattande rype. Vengeslaga når ho lettar. Kullet mot den blå himmelen. Spora i snøen ein kald januardag. Alt dette er nesten borte i Vågåfjellet.

Eg har seld jaktkort til gjester som bur på Hindsæter i alle år. Jegarar har kome årvisst attende. Dei har som regel ete godt og drukke godt om kveldane og lufta børsa om dagane. Dei fleste har reist heimatt med gode naturopplevingar og møter med rypa. Få hadde med seg fugl heimatt . No er også desse gjestene borte. Ingen tingar lenger rom på hotellet for å jakte rype. Ingen kan heller planlegge ei helg på rypejakt når Vågå Fjellstyre fyrst må la jegarane skyte dei få rypene som er att før dei kan seie noko om bestanden. Dette er for meg ein merkeleg måte å drive forvaltning av ein truga art på.

Kan ikkje tvilen koma rypa og naturen tilgode? Kan vi ikkje la rypejakta få kvile nokre år og byggje oppatt bestanden? Eg trur at vi menneske er blitt så grådige, at vi ikkje unner at også dei etter oss kan få dei same gode opplevingane i fjellet. Men slik ser dei ikkje ut til å tenkje i Vågå Fjellstyre. La oss bli kvitt den siste rupefjør i år.

André Sundero, Vågå, hotellvert i Sjodalen