Gå til sidens hovedinnhold

Kjære politikarar, kva pris set dykk på ungdommane våre?

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Sidan 1977 har gamle Oppland vore med og delfinansiert skulehelsetenesta i vidaregåande skule. Med denne ordninga ligg bemanninga på skulane rundt og til og med over minstenorm. Det må jo vera bra for elevane at skulehelsetenesta er betre enn minimum! Vi veit at lett tilgjengelege tenester gjer terskelen for å oppsøke hjelp lågare, og vi erfarer i praksis at skulehelsetenesta er mykje i bruk.

For mange elevar er helsesjukepleiar viktig for å greie seg gjennom skoleløpet, og sjølvsagt må vi vera der for dei. Heldigvis er det slik at fleire av elevane greier seg heilt fint med dei ressursane dei har i seg sjølv og nettverket sitt. Helsesjukepleiar står i ein unik posisjon til å drive systematisk universell forebygging, og såleis styrke all ungdom i å auke deira evne til å stå i og meistre utfordringane livet kjem til å by på. Å gje ungdom kunnskap og strategiar til livsmeistring er både meiningsfylt og ressurskrevjande.

Det er ikkje berre kompliserte problemstillingar ungdom kjem med, men for ungdommen kan det opplevast som ei krise. Ved å snakke med ein trygg vaksen som har tid, kan krisa avløysast og eleven kjem raskt attende til undervisninga. Vi veit at om ein har mange tankar kan dei ta opp plassen i hjernen som er meint til læring. Ved å ha høve til prate med helsesjukepleiar, slepp elevane å gruble for lengje og missar ikkje så mykje av undervisninga. Eg ser dette som ei vinn-vinn situasjon for elevene.

Kommunane i gamle Oppland har bygd opp og lagt rammene for tenestetilboda sine rundt at fylket bidreg med støtte til drifta. Eg fryktar at om ordninga utgår vil skulehelsetenesta bli redusert. Med mindre ressurs ute i skulen vil helsesjukepleiar få mindre høve til universell forebygging, drop-in avtalar og for lærarane. Ungdommen vil i større grad måtte benytte fastlege eller helsestasjon i eigen bustadskommune for å få hjelp. Det vil i praksis føre til ein meirkostnad for ungdommen og auka fråvær som følge av lang reiseveg til skulestaden.

Eg er redd konsekvensen blir at terskelen til å oppsøkje helsehjelp blir for høg, og at dei lar vera med dei følgjene det kan få. Det vil og kunne gje eit auka press på tenestene i kommunane, noko kommunane ikkje er førebudd på frå august 2020. Midt i ein pandemi, der barn og unge allereie har mista mykje av tilbodet, skal altså helsesjukepleiarane ta att dei forsømte oppgåvene og i tillegg ta seg av fleire som treng hjelp. Eg kan ikkje sjå anna enn ein tap-tap konsekvens av sparetiltaket.

Det er vanskeleg å måle resultat av forebyggande helsearbeid i tal og resultat. Det vi veit er at vi må gjera meir av det som fungerer. Det er umogleg å vite om færre vil gjennomføre vidaregåande opplæring med redusert ressurs i skulehelsetenesta. Men kvifor ta sjansen?

Det vi har tal på, er at det aldri har vore færre tenåringsgraviditetar og abortar enn no. Nedgangen har sannsynlegvis sammenheng med lett tilgjengeleg og gratis prevensjon for jenter over 16 år. Vi kan tenkje oss konsekvensane om denne ordninga skulle utgå. Kvifor ta sjansen på å kutte ut tiltak vi veit har effekt?

Kva slags organisering som er riktig kan diskuterast. Det vi veit er at mykje ressurs på skulen er bra for elevane. Verdien av å bevare tenesta slik den er no, er så mykje meir enn 2,7 millionar. Så kjære politikarar, kva pris set dykk på ungdommane våre?

Mona Tarud, Nord-Fron, helserådgiver ved NGVGS avd.Otta og Dombås