Gå til sidens hovedinnhold

Kjønnsbalanse i Vågå

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Viser til innlegg frå Sanna Sarromaa med overskrift «Vågå – den nye peniskommunen».

Jamfør valresultatet etter kommunevalet 2019 kom underteikna i skade for å bli vald inn som fyrste vararepresentant for Vågå Senterparti til kommunestyret i Vågå. Dette trass i feil reiskap mellom føtene, som Sarromaa så riktig nemner i innlegget sitt. No har omstenda ført til at eg for eit halvt års tid er vald inn som fast kommunestyremedlem, etter at ein av dei faste representantane har bede om permisjon.

Eg har no bestemt meg for å søkje fritak, for å betre kjønnsbalansen i kommunestyret. Bak meg mellom varaane har eg to kvinner, begge året eldre enn meg og såleis relativt unge, som med dette vil rykkje opp til fast plass. Eg har i samband med dette to alternativ:

1: Be om fritak frå kommunale verv for perioden fram til 31. august 2021, når representanten som no har fritak kjem attende som fast representant.
2: Be om fritak for heile perioden fram til kommunevalet i september 2023.

Ber om svar på kva for eitt av desse alternativa Sanna Sarromaa vil føretrekkje innan kort tid, sidan eg må sende søknaden om fritak seinast 14 dagar før kommunestyremøtet 25. mars.

Elles kunne ein ynskje seg ei utgreiing om hennar syn på nepotisme og tette familieband i lokalpolitikken, ettersom underteikna er son av varaordføraren i Vågå kommune. Dette kan eg diverre ikkje be kommunestyret om løysing på. Eg gjer Sarromaa elles merksam på at eg og opphavet representerer ulike parti.

Jostein Visdal, foreløpig kommunestyrerepresentant for Vågå Senterparti (Sp)