Kjøtt, klima, utmark og seterdrift

        - Om vi brukte utmarka og setrene meir, kunne vi få mykje mjølk og kjøt som attpåtil er sunnare for helsa vår og for dyra, skriv Fride Rudi.

- Om vi brukte utmarka og setrene meir, kunne vi få mykje mjølk og kjøt som attpåtil er sunnare for helsa vår og for dyra, skriv Fride Rudi. Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg

Helge G. Galtrud skriv i GD om kjøtt og klima. Både folk og kloda si helse skal bli betre om vi reduserer kjøttforbruket. Det som er så merkeleg, er at det er så lite fokus på korleis kjøttet blir produsert. Galtrud kan fortsetja å eta det han er så glad i, om det blir produsert på ein meir klimavenleg måte. Og om det vart meir fokus på andre ting som er med på å øydeleggje klimaet vårt ...

Matproduksjon med husdyr har vi hatt lenge før klimakrisa kom. Men om ein tenkjer berre den vesle stunda vi er her på jorda, i mitt tilfelle eit par mannsaldrar, har ting endre seg drastisk. Nå er det eit sjeldan syn å sjå mjølkeku ute, eller på setra. Dei held seg i nærleiken av kraftfortildelinga, fordi dei skal vera «effektive».

Likeins har vi fått ein sau som må ha ein del kraftfor for å kunne mjølke nok til fleire lam, eller kopplamma må ha det som erstatning for mjølk. Men, om grovfôret er godt, kan drøvtyggjarar greie seg med mindre. Og om vi brukte utmarka og setrene meir, kunne vi få mykje mjølk og kjøt som attpåtil er sunnare for helsa vår og for dyra!

Det er den diskusjonen vi må ta, sjølv om vi sjølvsagt med føremon kan eta mindre kjøt. I Norge er det ikkje mogleg å dyrke grønsaker overalt, med mindre ein må byggje drivhus, og da er vel miljøgevinsten borte. Folk må sjå heilskapen!

Om mange i staden for å reise til «Langvekkistan», heller tok setrene sine i bruk til å feriere på, ville det også hjelpe på klimaet. Nå står det meste av denne vår store kulturarv og råtner på rot innover fjellet, og landskapet gror att og reduserer artsmangfaldet.

Ein ting til som og kan hjelpe klimaet; -start opp att med skulehage! Lærerikt og meiningsfylt og moro å dyrke sine eigne grønsaker.

Å einsidig fokusere på redusert kjøttforbruk, er ei total avsporing om klimadebatten.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags