Det var seint laurdag kveld brannvesenet fekk melding om brann i ein driftsbygning i Kvam i Nord-Fron. Ifølgje politiet var det 26 kyr og fem hestar i fjøset da det byrja å brenne, men alle desse skal vere ute, melder både politi og brannvesen ved midnatt.
– Gardbrukaren hadde lykkast med å få ut alle dyra, han hadde gjort ein kjempejobb, all ære til han for det, seier innsatsleiar i Midt-Gudbrandsdal brannvesen Tor Engum.
Det vart tidleg klart at sjølve driftsbygningen var fullstendig overtent, og redningsarbeidet dreia seg raskt om å unngå at brannen spreia seg vidare til andre bygningar.
– Vi har fått sikra bustadhuset som står 30 meter ovanfor, det var kritisk for det ei stund. Vi har skumlagt det og kjøla ned etter beste evne. I tillegg har vi prøvd å kjøle ned bygninga som brenn, for å roe gnistregnet, seier Engum.
Ifølgje naboar så har delar av bygningen rasa saman seint laurdag kveld. Garden der det brenn ligg i Gardvegen, ikkje langt frå Kvam sentrum.
– Nå byrjar det å roe seg her, og vi har avtalt med politiet at vi let det brenne kontrollert ned. Vi kjem nok til å vere representert her gjennom natta, seier innsatsleiar Tor Engum i brannvesenet i Midt-Gudbrandsdal til GD ved halv eitt-tida natt til søndag.
Brannmannskap og utstyr frå store delar av dalen rykka ut og hjelpte til med å få kontroll over brannen.