Klimakrisa, - ein statusrapport

Av
DEL

lesarinnlegg 

På få år har klimakrisa gått frå å vera eit debatt-tema for spesielt interesserte til å bli eit hovudoppslag i dei daglege nyheitene i alle vestlege land. Så når til og med den norske regjeringa med Framstegspartiet på slep set den globale temperaturaukinga på alle agendaer må vel også vi gamle naturvernfanatikarane kunne seia oss fornøgde?

Tja. I røynda har politikarane berre gått frå fornektarstadiet til pratestadiet.

IPCC, International Panel of Climate Change, vart danna i 1988 og kom med fyrste raporten sin i 1990. Alt her konkluderer dei med at dei menneskeskapte CO2-utsleppa har ansvaret for meir enn 50% av den auka drivhuseffekten.

Mykje CO2 har vorte slept ut i lufthavet i dei 30 åra som har gått etterpå. Den globale land/hav indeksen syner ein temperaturauke på 1,1C, og havstigninga er nå på 3,4 mm pr.år. Nesten alle land i Europa har greidd å redusere utsleppa sine etter at dei skreiv under på Kyoto-avtalen kring tusenårsskiftet, i Noreg har vi auka dei med 1,3%.

Parisavtalen frå 2015 ville prøve å stanse oppvarminga på 1,5C, men med uendra utslepps-tempo seier forskarane nå at vi ligg an til å få ein temperaturauke på 4 grader før neste hundreårsskifte.

Da vil dagens nyfødde vera 80 år.

Det tok 30 år å gå frå mistru til aksept av dei klimatiske fakta. Vi har gjort nokre puslete forsøk med flyseteavgifter og biotilskot i diesel, men Equinor og Erna nektar å innsjå at det er vanvittig å leite etter enda meir olje når atmosfæren alt er metta. I staden set dei stadig nye mål for CO2-kutt så langt fram i tida at dei kan vera sikre på ikkje å bli stilt politisk ansvarleg for vedtaka sine.

”Herre, tilgjev dei ikkje, for dei veit kva dei gjer !”

Den årlege befolkningsauken er nå på vel 1% . Dvs at kvart år må Jorda fø på 82 millionar fleire menneske, og kvart einaste individ i alle land har den same sjølvsagde retten til å dele på klotens ressursar.

Men alt det vi har i dette rike landet er ikkje nok for oss.

Ved kvart val eg kan hugse har dei store vekstpartia lovd lønsauke og høgare levestandard.

Det betyr også ein årleg forbruksauke på vel 1%. Og forbruksauken gjeld ikkje berre ”bruk og kast,” men også til nye inngrep i urøyvd natur til hytter, fritidsbustadar og ”område-utvikling,” som investorane kallar det. Bygg og anlegg står nå for årlege utslepp av 13 millionar tonn CO2 i landet vårt, om lag ein fjerdedel av totalen. Men vi kan aldri byggje oss ut av Klimakrisa, berre djupare inn i henne. I Nord-Gudbrandsdal har vi nå skræmande planar som nye alpinanlegg i Galdlia og Dronningsetra til DNT i eit kulturlandskap skapt gjennom hundreårs beiting og bruk. Det er på tide å krevja klima- og naturbruk- rekneskap for alle nye inngrep, da vil vi kanskje også kunne auke gjenbruken av alt som er skapt av menneske før oss ?

Torgeir T. Garmo, Lom

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags