– Det er alvor nå, understreka fylkesmann Knut Storberget da han orienterte om koronasituasjonen i Innlandet torsdag ettermiddag. Tidlegare på dagen kom regjeringa med nye innstrammingar, den klare befalinga frå Storberget er å følgje desse nøye.
– Vi må førebyggje og hindre at folk blir smitta. Dersom smitta får breie seg kan det få store personlege og samfunnsmessige konsekvensar. Det er store ord å seie at ein risikerer kollaps i velferd- og helsetenestene, men det er nødvendig. Dette kan i verste fall føre til sjukdom og død, vi må gjere det vi kan for å unngå og førebyggje slike lidingar, understreka Storberget.
Nye og inngripende tiltak skal slå ned en smitteutvikling som går i gal retning
Dei siste vekene har det vore tre store utbrot i Innlandet, i Hamarregionen, Gjøvikregionen og i Elverum og Solør. Storberget rosa måten kommunane har jobba for å slå attende smitten, og understrekar at også dei som foreløpig ikkje er særleg hardt råka må vere klare til å reagere raskt.
– Vi ser at vi har alt å tene på at ein følgjer opp dei nasjonale reglane og innstrammingane som nå har kome, og at kommunane klarar å samarbeide.
Fem på sjukehus
Fylkeslege Harald Vallgårda fortalde at det per nå er fem stykkjer som er innlagd på sjukehus i Innlandet på grunn av covid-19. Han bad folk ta dei nye innstrammingane på alvor.
– Det er eit personleg ansvar. Alle må passe på at det ikkje blir spreidd smitte. Ein må ta ein risikovurdering ved alt ein gjer; er det nødvendig med det møtet, å invitere den personen eller reise på den samankomsten. Ver heime mest mogleg, bruk munnbind dersom det er nødvendig og hald avstand.
Fylkesmannen har nå sett oransje beredskap, og skal i morgon ha møte med alle kommunane i Innlandet for å leggje planar vidare.