Kommuneøkonomi og skulestruktur i Dovre

Av
DEL

lesarinnlegg

Det blir danna eit bilde av at Dovre har dyre skular, og at einaste redninga for å redde den kjende Dovremodellen er at barneskulane blir samla. Dovre Ap har gått ut i høyringsperioden og flagga at dei går for ein barneskule, og at den skal ligge på Dombås.

Dovrelista vel å ikkje ta stilling før høyringsfristen er ute den 8. juli, og vi har og mange spørsmål vi ynskjer svar på før vi tek standpunkt. Dovrelista har bedt om at rådmannen gjennomfører ei grundig samfunnsanalyse før vi går til vedtak på ei sak som engasjerer innbyggjarane så sterkt. Vi må kjenne konsekvensane av vedtaka vi skal gjennomføre. Saka er ikkje godt nok belyst og det har også i grendemøta kome mange synspunkt og gode forslag som fortener å bli teke på alvor. Det er ikkje besluttningsvegring som gjer at Dovrelista ikkje tek standpunkt men respekt for innbyggjarane i heile kommunen.

Dovrelista meiner heilt klart at vi ikkje har dyre skular i Dovre. I den grad skulen i Dovre er litt dyrare, skuldast det høgt kompetente lærarar og liten bruk av ufaglærte assistentar. I Dovre er og skuleleiinga og IKT ført på skulane og det er ikkje så vanleg i andre kommunar. Når skulesjef blir belasta skule blir skulen dyrare og administrasjonen billegare. Tal kan derfor forvirre.

Vi skal heller ikkje gløyme at lærarar er ei yrkesgruppe som betyr mykje for busetting, skatteinntekter og rekruttering i bygda vår. Vi må ikkje drive oss sjølve inn i ein negativ spiral der kommuneøkonomien driv oss til å ta grep som forsterkar dei negative signala med færre innbyggjarar.

Politisk har det vore stor semje om at tidleg innsats og gode skular er viktig. Det kostar.

Dovrelista meiner at skule er viktig. Gode lærarar er viktig og det er viktig med skular i nærmiljøet.

Derfor har Dovrelista i alle sine budsjettforslag omprioritert pengar til skule for å sikre Dovremodellen og for å halde den lovnaden vi politikarar ga da eigedomsskatt vart innført i heile kommunen.

Eigedomsskatten vart innført for å behalde to barneskular i kommunen vår.



Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags