I 2018 vart det i Israel gitt ut ei bok om konsentrasjonsleiren Jasenovac. Boka har eit format som er rundt fire gonger større enn ei vanleg bok. Den har litt over 700 sider og veg 5,5 kg. Det er brukt tre språk, litt hebraisk og i hovudsak serbisk og engelsk.

Forfattar av boka er jøden professor dr. Gideon Greif. Han har også fått god hjelp frå eit redaksjonelt styre på 10 personar. Historikaren Knut Slovik Thoresen frå Noreg er ein av dei. Han er også med i ei internasjonal gruppe av 7 historikarar, GH7.

Gideon Greif og medforfattarane hans går tidleg og fleire gonger ut med at målet med boka. er å hindre at noko så meiningslaust, stygt og vanvettig brutalt skal skje på nytt. Eg meiner at dette lesestoffet er i sterkaste laget for mange. Likevel var det absolutt nødvendig å skrive slik dei gjorde.

Stiftinga av Ustasha og måla deira

Det politiske partiet Ustasha vart stifta i eksil i det da fascistiske Italia i 1929. Frå fyrste stund var Ante Pavelic leiaren. Partiet var basert på nazisme og fascisme. Leiarane ville ha ein «rein» kroatisk nasjon, fri for serbarar. Enkelte gjekk ut med at 1/3 av serbarane skulle drepast, 1/3 jagast ut av landet og den siste 1/3 omvendast (med makt) til katolisismen.

Fleirtalet av kroatane støtta ikkje den valdelege Ustasha-rørsla som styrte Kroatia under 2. verdskrig.

Tyskland og Italia angreip Jugoslavia fyrst i april 1941. Med den haldinga som Ustasha-partiet hadde, var det naturleg for dei å overta styringa av Kroatia utan noko val. Dei var på parti med okkupantane og styrte med Ante Pavelic som regjeringssjef heilt til andre verdskrig tok slutt i mai 1945. Den stygge framferda mot serbarane starta alt i april 1941.

Tysk og italiensk motstand mot framferda til Ustasha

At Ustasha- regimet for stygt fram mot store delar av folket i dei landområda dei styrte, som også inkluderte Bosnia-Hercegovina, kjem klårt fram ved at militære autoritetar både i Tyskland og Italia protesterte kraftig. Sitat side 610:

Tyske styrkar avvæpna og arresterte ei avdeling frå Ustasha på grunn av deira brutale brotsverk mot dei sivile innbyggarane i austre Bosnia. Protestane frå italienske styrkar var like sterke.

Talet på drepne

Jasenovac kom på tredjeplass blant konsentrasjonsleirane i Europa med talet på drepne under 2. verdskrig. Auschwitz kom som nr. 1 og Treblinka som nr. 2. Det står i boka at drepe-prosessen var mykje meir barbarisk, brutal og primitiv i Jasenovac.

Å finne korrekte tal på drepne i konsentrasjonsleiren Jasenovac under 2. verdskrig, er ikkje enkelt. Personleg har eg størst tiltru til det gruppa av 7 internasjonale historikarar, (HG7), skriv på side 355: ---, meir enn 800 000 uskuldige offer vart sende i døden i Jasenovac og i leiren Donja Gradina,

Når det gjeld roma-folket i Kroatia, vart det anslått at det var 40.000 like før krigen. I løpet av 1942 vart nesten alle desse drepne, mesteparten i Jasenovac. Nokolunde tilsvarande tal er nemnt for jødane. Ut ifrå desse tala kjem ein til at rundt 700.000 serbarar vart drepne i Jasenovac. Det går ikkje fram av boka om serbarar drepne andre stader er med i dette høge talet. Mange serbarar vart nemleg drepne i sine eigne heimar og undervegs til Jasenovac eller ein mindre konsentrasjonsleir.

Ein som forska i kroatiske dokument anslo at 180.000 serbarar hadde vorte drepne frå april til 26. juni 1941. Boka gir heller ikkje svar på om desse 180.000 er medrekna blant dei drepne i Jasenovac. Mange av dei fekk sikkert ein like smertefull død. Det står at serbiske landsbyar vart omgjorde til ruinar. I fleire landsbyar vart alle innbyggarane jaga til ein eller annan stor låve. Da alle var inne, vart alle dører grundig stengde, og låvane vart tende på.

Ein annan ting som gjorde det vanskeleg å telje dei drepne var at storparten av fangane vart drepne med det same dei kom til leiren. Eg trur at det førte til at dei som «arbeidde» der vart meir opptatt av å drepa enn av å telje.

Bygginga av konsentrasjonsleiren Jasenovac starta i august 1941. Dei fyrste fangane kom den 23. august.

Dreping av barn

Kroatia hadde eigne konsentrasjonsleirar for barn. Ingen andre land hadde det. I tilknyting til Jasenovac hadde Kroatia tre slike leirar.

Side 330 i boka «Jasenovac» fortel om drap av barn. Ustasha myrda 19.432 barn på avrettingsplassane i Jasenovac. ----- Det største talet på drepne var serbiske barn – 11.888, følgt av romma barn – 5469 og jødiske barn – 1.911. Elles var det 132 kroatiske barn og 17 muslimske.

På same side er det nemnt ein sum som er nesten 4 gonger større enn summen over – utan kommentar av forfattarane.

Ei stygg og vanvettig hending

Fire Ustasha-ungdommar i konsentrasjonsleiren gjekk inn eit veddemål om kven av dei som i løpet av ei natt kunne drepa flest fangar. Den som vann – ein juss-student – drap 1.350.

Likevel synest eg at vondskapen hos nordmannen Anders Behring Breivik kjem opp imot vondskapen til desse Ustasha-ungdomane.

Ole Bjerke, Lillehammer