Gå til sidens hovedinnhold

Korfor følgjer det så mykje smerte med alderdomen? Kunne ikkje døden møte oss på ein mildare måte?

Artikkelen er over 1 år gammel

Leserinnlegg Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Alderdomen melde seg ved at fleire og fleire folk gjekk forbi meg. Fyrste gongen eg merka dette, vart eg harm – på grensa til sint. Eg sette opp farten og gjekk forbi dei som hadde gått forbi meg. Det framkalla ei frydefull kjensle som dessverre vart ganske kortvarig. Folk berre heldt fram med å gå forbi meg. Dei gjorde meg til ei sinke. Eg måtte spørja meg sjølv om eg hadde vorte lat, for nå hendte det av og til at eg tok bussen opp frå sentrum i Lillehammer til huset mitt på Måsåhaugen.

Mismotet mitt vart spesielt stort fordi eg opp gjennom heile livet hadde vore flink til å gå. I 1987 var eg med på ei fjellvandring på Island. Vi var 12-14 deltakarar og hadde ein islandsk kjernekar som guide. Ein av deltakarane var ei jente frå Trøndelag som var fysioterapeut. Da den fire dagars turen var ferdig, kom ho med ein kommentar om gåinga til kvar enkelt av oss. Kommentaren om meg kom til slutt. Ho sa: - Når alle vi andre er totalt utslitne og ikkje orkar det grann meir, vil du berre halde fram med å gå og gå og gå.

Slike godord kan utan tvil gi livsvarig glede.

Eg har hatt god helse og vore ein billig person for helsestellet. Nå er ei utjamning på gang. Fyrste halvår i 2019 har eg i meir enn 30 dagar vore hos folk som steller med helsa vår. Det er heldigvis ikkje sjukdomar som plagar meg, men ein nedåtsliten kropp. Som ei følgje av dette dukkar det opp eit par spørsmål i meg:

Korfor følgjer det så mykje smerte med alderdomen? Kunne ikkje døden møte oss på ein mildare måte? I ettertid har eg faktisk treft fleire som har stilt dei same spørsmåla. Dette er spørsmål som er og blir utan svar. Noko som derfor kan bli viktig og som kanskje kan gi litt trøyst, er å finne meininga med alle desse lidingane. Eg er ikkje sikker, men eg trur eg har lykkast med det:

Lidingane er ei førebuing på at vi skal bli betre til å meistre ei større liding – i Helvete. Det finst ingen Himmel – unntatt den vi har over oss til kvar dag. Helvete er åleine med å vente på oss.

Ikkje mange finn særleg trøyst i dette. Likevel, det er ein humor i det som kan få enkelte til å le. Og latteren er ofte ein god venn av livet.

Etterord: Eg har vore ved dødsleiet til ei kvinne som visste heilt urokkeleg at Himmelen finst. Det var dit ho nå var på veg. Der skulle ho treffe att alle som hadde stått henne nær her på Jorda. Mange av desse var alt på plass i Himmelen. Andre ville koma seinare.

Denne kvinna døde med ei ro og ein styrke som imponerte meg.


Ole Bjerke, Lillehammer