Det er framleis for tidleg å fastslå konsekvensane av pandemien for reiselivet. At den i stor grad vil merkast på omsetnaden for 2020 er innlysande, og Jotunheimen og omland vil på ingen måte bli skåna. Omsetnaden i den vanlegvis travle tida frå påske og utover vart borte over natta. No står vi ovanfor ein høgsesong prega av usikkerheit.

Dette går utover Visit Jotunheimen og våre 63 medlemsbedrifter i Lom, Skjåk og Vågå. Fylkeskommunen si forfordeling av krisemidlar til destinasjonsselskap gjer situasjonen vanskelegare enn naudsynt. For nei, Jotunheimen gjekk heller ikkje fri for koronakrisa, Innlandet fylkeskommune. 178 000 kommersielle gjestedøgn (2019) og 82 overnattingar per innbyggjar (2018) gjev ein god indikasjon på betydninga av reiselivet i Lom kommune. Dette ser ein òg tydeleg i delen reiselivet utgjer i den totale sysselsetjinga. Visit Jotunheimens medlemmar hadde i 2018 ein samla omsetnad på over 400 millionar kroner, og bidreg med eit formidabelt næringsbidrag på over ein million.

Alle reiselivsverksemdene hjå oss har bidrege i den nasjonale dugnaden, og burde såleis vore kvalifisert til å få støtte på lik linje med andre. Eit initiativ frå næringa til å drive reiselivsutvikling, er noko Innlandet fylkeskommune burde omfamna, og ikkje motarbeidd.

Reiselivet i Jotunheimen står på heile året for å skape ein enda meir attraktiv destinasjon, med fokus på matopplevingar, aktivitetar, kultur og våre eineståande naturlege attraksjonar. Med godt vertskap som ein raud tråd i alt vi tek for oss, gjev reiselivsbedriftene i Jotunheimen eit uvurderleg bidrag til Innlandet.

I innstillinga som vart vedteke av fylkesutvalet den 7. april, er det i praksis skreve at dei som ikkje organiserer seg gjennom regionale destinasjonsselskap, ikkje vert tildelt ei krone. Dette vart òg gjort tydeleg av fylkesordførar i beste sendetid på NRK, og på nytt i fylkestinget 17. juni. Dette går utover små og familieeigde bedrifter hjå oss, som i likskap med resten av bransja er hardt råka. I ei krisetid som denne, korleis kan fylkeskommunen med godt samvit sette ein så viktig destinasjon totalt på sidelina?

At dei statleg tildelte utviklingsmidla utelukkande går til frå før kraftig offentleg subsidierte selskap, høyrer ingen stad heime i ei krise som denne. At Innlandet fylkeskommune vel å nytte eit slik pressmiddel for sentralisering av reiselivsorganiseringa i tida vi no er inne i, ser vi i Visit Jotunheimen på som særs umusikalsk.

Den nemnde innstillinga inneheldt faktafeil kring reiselivet i Lom og Visit Jotunheimen, men desse vert bagatellisert av både fylkesordførar og fylkesrådmann. Som fylkesrådmann Tron Bamrud sjølv påpeikte i GD-intervju 7. april, var faktafeila i det store og heile irrelevante. Sidan reiselivet hjå oss ikkje er organisert i eit regionalt destinasjonsselskap, ville vi uansett ikkje få ei krone i støtte for å kome oss gjennom denne krisa.

I fylkestinget 17. juni, stilte fylkestingsrepresentant Hanne Alstrup Velure særs relevante og gode spørsmål til fylkesordføraren. Mellom anna vart det reist spørsmål om fylkesordføraren tykkjer det er rett at eit destinasjonsselskap med sterk oppslutning frå den lokale næringa, og som har vist resultat med eit minimalt ressursbruk, vert utelate i tildelinga av krisemidlar.

I påfølgjande svar, seier fylkesordføraren at krisehjelp er ei støtte som Visit Jotunheimen aktivt har valt å fråskrive seg. Her pratar fylkesordføraren på nytt også om gode og vonde dagar. Begge delar vert ei alt for enkel framstilling i tida vi no står inne i.

Vi meiner at Innlandet fylkeskommune burde valt ei inkluderande tilnærming i ein krisesituasjon som denne, og aktivt bidrege til å sikre arbeidsplassar i heile fylket. To av dei viktigaste punkta i nærings- og fiskeridepartementets vilkår kring offentleg støtte, er at støtta ikkje skal vere selektiv, og at støtta ikkje skal vere konkurransevridande. Dette er mellom anna noko Trøndelag fylkeskommune har lagt vekt på i handsaming av tilsvarande sak. Ei konkurransevriding er nett det Innlandet fylkeskommune legg opp til, med si rigide forfordeling. Vi framheld at krisa vi no står oppe i, burde vorte møtt med noko heilt anna enn svelteforing som pressmiddel.

Visit Jotunheimen har bede fylkesutvalet og fylkesordføraren om å gjere ei ny vurdering i tildelinga av krisemidlar til destinasjonsselskap, der destinasjonen vert behandla med meir rettferd. Dersom fylkesutvalets opphavlege avgjerd vert ståande, ber vi om at dei vurderer andre tiltak for å hjelpe reiselivsnæringa hjå oss, for å bøte på den uretten som er gjort.

Vi i Visit Jotunheimen ynskjer å vere med på utviklinga av framtidas reiseliv i Innlandet.

Øyvind Rusten, styreleiar, Visit Jotunheimen