Gå til sidens hovedinnhold

Korleis trygge matforsyninga framover?

Lesarinnlegg


Beredskap har med å tenkje seg det utenkjelege, og førebu seg på at det kan skje. Koronapandemien syner korleis verdssamfunnet deler lagnaden av famling i det ukjente. Vi står med ein liten, open økonomi i ein global samanheng. Merksemda på matforsyning og matproduksjon, allsidig arbeidskraft og kompetanse, og livskraftige lokalsamfunn må aukast. Kriser rammar dei mest sårbare hardast. Medmenneskeleg blir vi sette på prøve. Samarbeid i det nære, nasjonalt og globalt er avgjerande.

Økologisk og sosial berekraft må sjåast under eitt. Det grøne skiftet gjeld både sentrum og periferi, som òg fellesansvaret for å unngå aukande sosial og økonomisk ulikskap. Berekraft og klimamål må sjåast i samanheng og ikkje redusere vilkåra for eigen matproduksjon og sjølvforsyning, påpeikar FN. Tørkeåret 2018 synte at bønder på mindre bruk klarar seg best og er mest fleksible, med drift tilpassa ressursane. Fruktbar jord, naturmangfald og klima, dyrevelferd, folke- og dyrehelse heng i hop.

Mål i offisiell norsk jordbrukspolitikk er allsidig familiejordbruk i heile landet, med samfunnsoppdrag om å levere sunn og trygg, forsvarleg produsert mat i den ordinære produksjonen.

  • Vi treng politikk med betre samanheng mellom middel og mål, klimamål og berekraftsmål. For å få berekraftige produksjonar må ein sjå høvet til tilbod og etterspurnad, kva mat vi kan produsere og korleis.
  • Vi treng lokaltilpassa jordbruk, og styrking av tilknytte verksemder i verdikjeda. Rekruttering, med vekt på nydrift på nedlagde bruk, er viktig. Spreidd makt- og eigarskap kan tryggast med det allsidige, ikkje einsretting.
  • Vi treng miljø- og klimatiltak for den enkelte garden, og teknologi i samsvar med ressursgrunnlaget og økonomien. Jordbruksutdanningane må satse på agroøkologisk, regenerativ drift, beitebruk og setring, med utviklings- og forskingsmiddel. Regionale planar krevst fornær jordbruk, lokaltilpassa matplanter, skule- og parsellhagar, lokal omsetning, offentlege innkjøp av kortreist mat og bruk av mat som nå blir kasta. Praktisk matlaging må meir inn i skulen. Skulekjøken og kantiner kan knytast til skulehagearbeid. Innsatsen må aukast for å éta norsk mat, éta norsk i sesong og éta opp maten.
  • Vi treng tydeleggjera kva jordbruket skal stå for som kulturberar økologisk, sosialt og økonomisk. Det gjeld òg setringa, som føreset at små- og mellomstore mjølkebruk over heile landet oppretthaldast. Det gjeld særleg i fjellbygdene. Kunnskap om og naudsynte tilskot til kulturlandskapsforvalting er viktig. Meir offentleg vektlegging av forpliktinga vår etter Konvensjonen for biologisk mangfald om å ta vare på heile naturmangfaldet, òg for mat og landbruk, må til.

Eit framtidig berekraftig norsk jordbruk inneber ikkje ein økologisk utopi. Heller ikkje regelverk basert på klokkartru på marknaden og ei altomfattande teknologisering. Bønder er omstillingsvillige, men kan ikkje dyrke det same i Rørostraktene som i Ringsaker, eller som i Spania. Jordbruket må sjå ein lang tidshorisont. Den tradisjonelle nøysemds- og naturbrukskulturen, som i fjelljordbruket etter krigen og framover, har bore i seg dette. God forvalting er godt miljøvern.

Det skulle vera fellesinteresse for alle instansar, og kvar av oss å finne løysingar for sunn og trygg mat, for kulturlandskap, miljø og klima, med føreseielege rammer og godt driftsgrunnlag. Vi må oppvurdere innsatsen bøndene gjer. For matforsyninga og livsgrunnlaget er det allsidige familiejordbruket verdt å satse på.

Marie Aukrust, forfattar og biolog, NTNU