Korona og flaum – kven tar ansvaret i 2020?

INITIATIV: Nasjonale myndigheiter bør derfor auke løyvingane til sikring mot flaum og ras. Det kan gjerast alt i revidert nasjonalbudsjett som kjem i mai., skriv Ola Helstad.

INITIATIV: Nasjonale myndigheiter bør derfor auke løyvingane til sikring mot flaum og ras. Det kan gjerast alt i revidert nasjonalbudsjett som kjem i mai., skriv Ola Helstad. Foto:

Av
DEL

Aktuelt
Det spørsmålet stiller alle seg etter at koronakrisa har prega verda i nokre veker nå. Det er høgsesong for spådommar om langtidsverknadane av koronapandemien. Usikkerheit og utryggleik er stor for alle. Det er stor semje og handlekraft blant våre fremste folkevalde i regjering og Storting, og krisepakker kjem på løpande band.

Felles mål med desse er å dempe negative konsekvensar både på kort og lang sikt. Djupe innhogg i nasjonalformua er allment akseptert og handlingsregelen vart historie over natta.

I kampen om ressursane tillèt eg meg å koma med forslag på tiltak som våre folkevalde bør prioritere. Det handlar om tiltak som sikrar liv og samfunnsverdiar, og som over tid garanterer avkastning utover mange av dei tiltaka som hittil er etablert. Det handlar om sikring mot ras og flaum. Dessverre kan det ligge an til at komande veker faktisk vil underbygge dette, jf. stor fare for flaum.

I seinare år har Innlandet fått kjenne naturkreftene. Villare og våtare klima har påført samfunnet store kostnader som følgje av flaum og ras. Prognosar og klimapåslag fram til 2100 sannsynleggjer gjennomsnittleg temperaturauke med over 4 grader i snitt pr. år, enda meir ekstremvêr og auka nedbørsmengder.

Utfordringa med å sikre liv og infrastruktur må takast i ei heilt anna takt enn det som er tilfelle i dag. Storflaumane i 2011 og 2013 kosta kvar over 1 mrd. kr. Det er dokumentert at det kostar 8–10 gonger meir å reparere naturskadar enn det kostar å gjennomføre sikringstiltak. Dessverre viser statsbudsjettet marginale midlar til sikringstiltak.

Fleire kommunar i Innlandet har over fleire år planlagt førebyggjande tiltak. Fleire av desse har vorte avvist som følgje av manglande løyvingar i statsbudsjettet.

Føresetnaden for gjennomføring av sikringstiltak er at det i tillegg til statleg finansiering, blir lagt lokal eigendel (distriktsdel) på bordet svarande til inntil 20 prosent av totalkostnaden. I praksis betyr dette kommunal finansiering. Når ein veit at kartlagde sikringstiltak er i milliardklassen i Innlandet, ser ein fort at kommunal finansieringsdel er umogleg å få til.

Flaumen i Nord-Gudbrandsdalen i oktober 2018 var dramatisk og uventa. Skjåk kommune var hardast råka med store materielle skader i kommunen. Kostnadane med gjenoppretting og sikring har så langt kosta over 200 millionar kroner. Men nødvendige sikringstiltak er likevel ikkje ferdigstilte. M.a. gjeld dette Bismo – sentrum i kommunen.

Langdryge planprosessar og manglande løyvingar er årsaka til dette. Skjåk kommune tek nå ansvar sjølve for å etablere provisoriske sikringstiltak mot den venta vårflaumen. Slik bør det ikkje vera.

Ei satsing på utbygging av sikringstiltak vil gje næringslivet kjærkomne oppdrag og sikre sysselsettinga i bransjar som elles er prega av permitteringar, og kanskje balanserer på konkursens rand

Nasjonale myndigheiter bør derfor auke løyvingane til sikring mot flaum og ras. Det kan gjerast alt i revidert nasjonalbudsjett som kjem i mai.

Distriktsdelen må avviklast i ei overgangsfase. Vi kan ikkje la vera å hauste denne samfunnsøkonomiske gevinsten. I kvart fall ikkje i den tida vi er i – og den tida som kjem.

Ola Helstad, rådmann i Sel kommune

Flomsikring av Otta vil koste 230 millioner – problemet er egenandelen for Sel kommune


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags