Overskrifta er vel og tittelen på ein kjend roman i Russland, landet som kanskje meir enn andre har merka utslaga av desse motpolane. Nordahl Grieg var og prega av ytterleggåande tankar, og Stalin, trass i at han skreiv om ungdom og forakt for liv.

Det ligg unekteleg ein fare i å drive avgudsdyrking og drøyme om himmelrike på jorda, og tru at enkelte politiske system er så fredsbevarande i sitt vesen, at sjølv dei mest øydeleggjande handlingar gjer folk blinde, anten det er gjennom Hitler, Stalin, Mao, Pol Pot eller andre.

For å forhindre krig driv ulike land og system opprusting, slik at dei ikkje står tilbake for motparten i ein kritisk situasjon. Det kan og vera god økonomi i å eksportere våpen til andre land, noko og fleire vestlege land har trekt vekslar på i forhold til Russland under Putin.

Dei stadig meir utspekulerte atomvåpena kostar enorme summar, og er i tillegg utdaterte i løpet av kort tid; da må nye investeringar gjerast innan våpenforsking, for å kunne overgå motparten. Tenk om alle kløktige hjernar heller kunne nyttast på oppbygging av sivil industri og anna, til beste for menneskeætta.

For nokre tiår sidan, mest under Reagans tid, oppstod omgrepet avgrensa atomkrig. Ein person karakteriserte det som å vera delvis gravid. Putin pratar og om bruk av taktiske atomvåpen i desse dagar.

I alle fall diskuterte sentrale folk, som Weinberger, at ein i ein tilspissa situasjon, kunne måtte ofre ein del av eiga befolkning, så framt motparten mista alle. Da ville eins eige system leve vidare, trass i at til dømes austkysten av USA kunne bli hardt ramma. Like eins kunne ein risikere mottiltak mot europeisk jord frå russisk side ved ein avgrensa atomkrig. Ei slags kynisk utrekning av kor mange som kunne overleva. Etter kvart kom og uttrykket forkjøpskrig; det gjaldt å kome motparten i forkjøpet ved å handle fyrst, i motsetnad til ved terrorbalansen, da systema heldt kvarandre i sjakk fordi ingen tok sjansen på ein atomkrig, som sannsynlegvis ville føre til gjensidig total utsletting.

For tida står tilliten til NATO sterkt i Norden og Europa, og vi har heldigvis ein administrasjon i Washington som vil stå last og brast med vår del av verda; angrep på ein vil gje eit felles svar. Det er «betryggende» i ein situasjon der Putin er pågåande overfor andre land, anten det er uttrykk for ein desperat trong til å ta vare på eit tidlegare Sovjet-imperium eller vitnar om meir aggressive siktemål generelt.

Hans Sandviken, Vinstra