Da Innlandet fylkeskommune
skulle fordele krisepakke-pengar til reiselivet, fekk ikkje reiselivskommunen Lom med destinasjonsselskapet Visit Jotunheimen ei einaste krone av dei seks millionane.

Buksa vår skal nok tørke i vårsola, men det kjennes ikkje heilt bra.

Det hjelper altså ikkje å ha Noreg sine høgaste fjell, ei staseleg stavkyrkje, dei saftigaste og mest omtala kanelsnurrane her til lands, og å vere lokalisert i kremen av Fjell-Noreg med ein kjend TV-kokk, duftande lokalmat-gryter og fjellstover og hotell med uhorveleg triveleg vertskap - når ein ikkje er i den rette «gjengen».

For ifølgje Innlandet fylkeskommune, står nemleg Visit Jotunheimen utanfor. Strukturen i reiselivet blir brukt som argument. Faktisk nyttar fylkesrådmannen korona-krisa til å presse gjennom ein sentralisert struktur på reiselivsorganiseringa ved å tildele krisepakka til «de regionalt definerte» destinasjonsselskapa.

«Mykje vil ha meir»: Det er vondt å vere vitne til at fylkesutvalet let att augo for dei mange private reiselivsbedriftene i Lom og Jotunheimen som på lik linje med andre, er hardt ramma av den akutte korona-driftsstansen, og som alle tek del i den nasjonale dugnaden.

Og det er enormt frustrerande at dei gir alle støttekronene til destinasjonsselskap som i stor grad er offentleg finansiert frå før. Er dei offentlege midla våre berre mynta på dei bedriftene som er førehandsfavoriserte av «storebror Innlandet»?

Over 1 million turistar til Lom: Destinasjonsselskapet Visit Jotunheimen AS samlar og marknadsfører til saman 63 medlemsbedrifter i Lom, Jotunheimen og områda rundt. Dei omset for nærmare 500 millionar kroner i året og tilset over 600 sesongarbeidarar. Trass i at Lom er ei lita fjellkommune med berre 2300 innbyggarar, har ho over 3000 gjestesenger, og tiltrekker seg over 1 million menneske i løpet av sommarmånadane.

Det er difor vanskeleg å fatte at reiselivet i Lom blir sett på som mindre verdifullt enn dei andre som får tilskot.

Berre i 2019 var det registrert nærmare 200.000 gjestedøgn innan hotell, camping og hytteutleige i Lom. Mange små, familieeigde bedrifter er bygd opp gjennom generasjonar, og jobbar kvar dag for å halde på gamle tradisjonar, forvalte kulturarven vår, og sikre at dei besøkande får ei best mogleg totaloppleving på si reise gjennom dalstrøka våre.

Turistnæringa står med andre ord for ei usedvanleg stor verdiskaping i eit lokalsamfunn. Viss bedriftene mister inntektsgrunnlaget sitt, vil det få dramatiske konsekvensar for lokalsamfunnet – med stor smitteeffekt til resten av næringslivet og kringliggande bedrifter.

Akkurat nå treng reiselivet i Lom og Jotunheimen ei hjelpande hand, slik som alle dei andre.

Lokalt forankra lagspelar: Den siste lokale debatten kring organisering av reiselivet i Gudbrandsdalen herja før mi tid i fjellbygdene. Da valde til slutt reiselivsnæringa i Lom og Jotunheimen å sikre den lokale forankringa til Lom og Jotunheimen gjennom mellom anna å halde på namnet «Visit Jotunheimen» og sørge for at den lokale turistinformasjonen vart verande.

Dette betyr ikkje at bedriftene tok eit val om å stå utanfor. Vi ynskjer alle å jobbe på lag og gjere kvarandre gode, og er opne for samarbeid når planane for framtidas reiselivssatsing i Innlandet blir konkretisert.

Og om så tida etter kvart skulle vere moden for ein ny drøs kring organiseringa av reiselivet, så ber eg venleg om at dykk strekk ut ei hand til oss, i staden for å gje oss buksevatn.

Mari Arnøygard Wedum, fjellvertinne/dagleg leiar i Visit Jotunheimen AS