Ungdom heilt frå 15-årsalderen syng for full hals i det Ole Ivars stemmer i med kveldens fyste låt «Jag trodde änglarna fanns». I det tonen legg seg, går vokalist Tore Halvorsen over i tale.
- Vi er frykteleg glade for at dei gjorde opprør slik at det vart 15-årsgrense på festen her i Vågå! Tusen hjerteleg takk!
Unge og eldre på dansegolvet jublar og let seg rive med i sang og dans i det Ole Ivars fyller hallen med kjente og kjære sangar. Det er liv i festlokalet.
Diggar Ole Ivars
Klokka dreg seg innåt 23. Det er berre eit lite kvarter til Ole Ivars skal på scena. I garderobe nummer tre får dei overraskande besøk av to unge jenter frå Lom. Anne Kveom (16) og Ida Mork (15) får ein real klem av vokalisten.
- Klart vi diggar Ole Ivars! Fin festmusikk. Og så er det utruleg artig å få vera med på ein slik fest saman med andre på vår alder og med vaksne, seier dei to lomsjentene. Når sant skal seiast, er nok ikkje Ole Ivars favorittgruppa. Men dei høyrer meir enn gjerne på gruppa som både dei, foreldre og besteforeldre har nynna til.
- Vi kan tekstene på fleire av låtane. Som «Nei, så tjukk du har blitt» og «Jag trodde änglarna fanns», seier dei to jublande glade for å få møte landets mest kjente danseband.
15-årsgrense
I 45 år har Ole Ivars skapt liv og røre i bygdahus rundt om i landet.
- Vi kunne jo vore bestefedre til halvparten av dei som er her i kveld. Berre vi ikkje er det?
63 år gamle Arild Engh, like gamle Arne Willy Foss og Ole Ødegård, 57-åringen William Kristoffersen og yngstemann i gruppa, Bjørn Elvestad, humrar godt over Tore Halvorsens kommentar der dei sit rundt bordet og varmar opp med cola, kaffe og øl.
- Ærleg talt er vi utruleg stolte over at vi framleis har appell til ungdomen. Når dei stiller seg ved scenekanten og syng for full hals; det er kjempeartig, seier William Kristoffersen, låtskrivaren som har sett tekst og melodi til rundt 300 sangar.
- At ungdom i Vågå gjorde opprør mot 18-årsgrensa og fekk endra den til 15 - det er berre heilt fantastisk. Noko slikt har vi aldri opplevd før. Ikkje har vi spelt der det har vore 15-årsgrense med høve for dei over 18 til å kjøpe øl i avskilt del i lokalet heller. Det er alltid enten eller. Så dette er ein fin måte å la unge og eldre få kunne feste i lag på, skyt Tore Halvorsen inn.
15 ferske
På imponerande vis held karane i Ole Ivars koken. Kvelden før var det Ilseng, nå Vågåhallen, så omtrent 35 mil i eigen orkesterbuss til Oslo. For så å stå opp når hanen gjel for å nå «God morgen Norge» på TV 2 måndag morgon. Der skal dei synge to sangar frå den ferskaste av 32 studioinnspelingar, «Femten ferske». CD-en stod til gull før den kom ut. Ole Ivars viser her friskare takter enn kanskje noko gong før.
- Døkk driv rovdrift på døkk sjølve?
- Det er slik ein kan gjera berre i ungdommen!
Latteren er ekte rundt bordet. Vokalisten dreg kommentaren i land: – Det er ein livsstil.
På scena har G35 sett frå seg instrumenta. Ikkje for å seie noko gale om dølarockgruppa, men det er fyrst og fremst Ole Ivars publikum ventar på. Ved scenekanten står koristar i 15-16-årsalderen. Anne Kveom, Ida Mork. Håvard Lund, Ole Gunnar Kleiven.
Størst Ole Ivars-fan av dei er Marina Kvålshagen, også ho frå Lom. Ho kan tekstene like godt som vokalisten i bandet. Var det noko som sa at Ole Ivars er reinspikka gubbemusikk?