«Sett med kvinneaugo» er tema for dei femte diktardagane i løpet av 10 år. Før for det meste lagt til Lom, i år er nabokommunane Skjåk og Vågå med på laget.

Variert og omfattande

Det må vel kunne seiast at vi har fått til eit variert og spennande program, og ikkje minst eit variert og spennande samarbeid mellom alle tre ottadalsbygdene, seier Torunn Kjøk, representant for Knut Hamsun-laget i Lom. Han fekk sitt i det store, nasjonale og lokale jubileet for to år sia, og er i mindre grad aktualisert nå. Det skjer under opninga med blomsternedleggjing på bautaen i Garmo torsdag og med siste programpost med kåseri og diktopplesing på fødestaden Skultbakken i Vågå søndag.

Temaet finst att i seminar og utstilling på Nordgard Aukrust laurdag. Lomsprest og forfattar Synnøve Sakura Heggem skal innleie med «femine speil og gåter», utdrag frå ei bok ho har på gang om det radikale i Grundtvigs forfattarskap og kvinnesyn. Høgskulelektor Bente Lindbæk tek for seg «Pennens kvinnelege pionerar mine forunderlege formødre». Prestedotter Elise Aubert Aars frå Lom var oldemor hennar. Forfattar Arnhild Skre, ex. gausdøl, skal prate om Hulda Garborg blant «framifrå døletypar». Høgsterettsadvokat Cato Schiøtz skal leie paneldebatt med lesjasystrene Guri og Sigrid Sørumgård Bottheim, lomsforfattar Ragnhild Kolden og skjåkforfattar Magnhild Bruheim. Haldis Ofigsbø har måleriutstilling.

Bokbad og statt upp-show

Laurdag kveld er det bokbad på Fossberg med Bruheim som programleiar for Vigdis Hjorth, Arnfinn Kolerud og fåvanging Lars Mytting. Etterpå statt upp-show med kvinneleg skråblikk i Presthaugen i regi av Lom ungdomsråd med komikarane Janne Rønningen og Bjørn Daniel Tørum, dikt og musikk ved Even Luseter og Øyvind Sandum. Hjorth skal også ha opplesing på Bokhandel’n kafe i Vågåmo, likeins Liv Marie Austrem på Vågå bibliotek.

I Nordberg kyrkjestugu er det fredag kveld duka for urframføring av sju dikt av Olav Øygard som trubadur Geir Byre har tonesett. Byre får med seg lomskgitarist Rune Kjørren som tonefølgje.

Kabareten Kvinnfolkplager går i reprise på Norddalsberget, og i inntunet på Graffer skal «Svermere» og Reidar Svare ha konsert torsdag kveld.