Edvard Munch på sokkel i prestegarden Ullinsvin

Det er i hagen på utsida av tunet at bysta er tenkt plassert

Det er i hagen på utsida av tunet at bysta er tenkt plassert Foto:

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

Det er laga berre ei byste av Norges største kunstmålar gjennom tidene, og ho står i Nasjonalgalleriet. Neste sommar blir den andre avduka i prestegarden Ullinsvin, der slekta til Edvard Munch kom frå.

DEL

Det er i alle fall dette Unn og Birger Bostad ønskjer å gje som gave til neste års store 150-årsjubileum. Kommunen bukkar og takkar, og trur det skal la seg ordne til neste års Vågå-dågåmønstring.

Nasjonalt Munch-nettverk

GD kunne i går melde at Vågå på overtid blir med i det nasjonale Munch-nettverket som skal markere fødselsåret til landets mest verdsette kunstmålar gjennom tidene, meir aktuell enn nokon gong på grunn av «Skrik» som vart seld for svimlande 690 millionar kroner i New York nyleg. At «Skrik» under andre verdskrig vart gøymt vekk frå tyskarane i Vågå høyrer også med til historia...

Det er mykje takka vera langvarig innsats av Bostad at Vågå er kome med i det gode selskap. Eit møte med prosjektleiaren der kommunal tenesteleiar Trond-Ole Haug deltok, ser ut til å ha vore sjølve gjennombrotet.

Sterke band til Vågå

Munchs sterke band; slekt, mange opphald, motiv frå Vågåkyrkja og ikkje minst vennskap med bygdas store skulptør Jo Visdal har vore lite kjent. Visdal har laga einaste bysta som finst av Munch da han var 23 år gammal.
Ho er i Nasjonalgalleriet. Nå har Bostad fått låne den originale gipsmodellen og har alliert seg med skulptør Skule Waksvik. Den nye bronsebysta er under støyping og skal plasserast på ein granittsokkel som er 1,30 meter høg.

Det var Unn og Birger Bostad som også skaffa landets første statue av Knut Hamsun, som vart avduka på nobelprisvinnarens fødestad Skultbakken i august 2009.

Som prestedotter voks Unn Bostad sjølv opp i Ullinsvin, og dette har i seinare år vekt interesse for å grave fram att Munch i Vågå. På eit nettverksamling i Moss nyleg la ho fram dokumentasjonen.

God marknadsføring

Veit du, eg trudde ikkje nesten det eg høyrde, alle var så imøtekomande og tykte det var så hyggeleg at Vågå blir ein del av jubileet, seier Unn Bostad.

På sin plass da at ho og Birger vart møtt med blomster av ordførar Iselin Jonassen i går tidleg.

Dette kan bli god marknadsføring og ein gneist til å få gjenreist av landets eldste prestegardar, attpåtil kultstad frå førkristen tid.

Artikkeltags