- For meg er det ein barndomsdraum å få drive med gjestar etter som det var pensjonat her heilt fram til 1958, seier Mette Ragnhild Helle. Finansrådgjevaren på Lillehammer brukar ferien til drift av gardshotell, utstillingar og servering på sin eigen gamle gard som ho overtok for sju år sia.
Fødd på solsida
- Eg er fødd på solsida, ler ho, og siktar til den flotte utsikten høgt og fritt over det smaragdgrøne Vågåvatnet . Like solfylt har det likevel ikkje alltid vore. Berre to år etter at Mette overtok døydde mora, året etter mannen Lars. Men far på 77 og son på 18, båe heiter Pål, støttar opp og hjelper og nå får ho også god bistand av to stesønner. Carl Martin og Lars Thomas Nordby er fotografar i Aftenposten og NRK, og skal ha utstillingar i øvre stugu på Helle under Gardmillom saman med Espen Ødeaard frå Lillehammer. Sistnemnte reknar seg som amatørmålar med abstrakte motiv i akryl og olje på glasplåter og lerret.
- Vi hadde tenkt å flytte hit da Lars vart pensjonist, nå har det gått fire år og eg veit ikkje heilt. Eg trivst med ein fot i båe leirar. Dette er utfordrande, eg får brukt andre sider av meg sjølv, men samtidig trivst eg godt og har mange venner på Lillehammer.
Mette har bestemt seg for å vidareføre gjenreisinga og har mange og store planer.
Bortforpakta gardsstell med mjølkeproduksjon til Jon Runar Sveen frå Sjårdalen fungerer fint.
Føler eit ansvar
- Eg har ei bygningsmasse som eg må få brukt til noko og vi har vel ei historie å fortelja vi som har slike gamle hus. Dette er ein måte å få brukt husa på, og nå har eg lyst til å fylle dei med folk, men eg er bevisst på at det skal vera ro, stillheit og fred. I den verda vi lever i har folk behov for å kunne stire litt tomt inn i ein gammal tømravegg av og til.
Tørrstugu vart istandsett til overnatting i fjor, om ikkje lenge går Mette laus på «pensjonatet». To samanbygde stabbur utsett for eit lite skilsmål, ei aurbustugu, stall med supklokke og aurbu står deretter for tur... Våningshuset nedre stugu er eldst og freda og i god stand.
Sterke kontrastar
Det gamle pensjonatet er fullt av kontrastar med fargerike tømmerveggar i grønt og gult som gjer seg godt bak uttrykksfulle måleri og sterke svart-kvittfoto frå New York. Og i storstugu nede finst eit makelaust framskåp etter Hans Olson Helleløkken (1791-1858) eller Ulsandsnikkaren som han også vart kalla. På eit muntert lag i Vågå vart det reist spørsmål om kva for ein gard som hadde det vakraste stuguskåpet. Etter ein rundtur i bygda var dei same om at det var på Helle, skriv Arnfinn Engen i boka om treskurd i Gudbrandsdalen. Ulsandsnikkaren skal også ha sett sitt preg på øvre stugu på Helle som vart bygd rundt 1820.
- Med tida har eg lyst til å arrangere konsertar, konfirmasjonar og ymse slag selskap, avsluttar Mette Ragnhild Helle.