Dobbel Mukampen i felefinale

Roger Slåstuen var ein av fire som kom til finale i fele-hardingfeleklassa. Fredag leiar han Mukampen i lagspel.

Roger Slåstuen var ein av fire som kom til finale i fele-hardingfeleklassa. Fredag leiar han Mukampen i lagspel. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

To av fire i finalen for solo fele-hardingfele kom frå Mukampen spel- og dansarlag, og vågåjenta Ragna Valde Sletten vann juniorklassa.

DEL

Musikalsk leiar Roger Slåstuen og Torill Aasegg, trønderjenta i Mukampen spel- og dansarlag frå Heidal og Fron, spelte seint torsdag kveld finale i klassa solo fele-hardingfele på landsfestivalen i gammaldansmusikk i Oppdal.

Landskappleikvinnar Andres Bjørkås, Oppdal, og Britt Elise Skram, Dåm og Drag i Romsdal, var dei to andre som kom gjennom nålauga til dommarane etter kvalifisering tidlegare på dagen. Kven som vinn, blir først gjort kjent på Meisterkonserten søndag. I juniorklassa stilte to, og rekkefølgja vart kunngjort like etter.

Lagspel og lagdans fredag

Etter finalespelet i feleklassene, heldt konkurranse fram med lagspel i durspel-trekkspel med fjorårsvinnar Lom, Fron trekkspelklubb, toradergruppa i Lillehammer trekkspill- og toraderklubb og Kniktæin frå Gausdal som lokale deltakarar.

Fredag held konkurransene fram med lagspel fele-hardingfele, lagdans og pardans.

Resultat solo fele-hardingfele senior:

#NavnLagFremføringPoeng
 Andreas Bjørkås
 
Oppdal spell- og dansarlag
 
 (Finale)  
 Britt Elise Skram
 
Spelemannslaget Dåm og Drag
 
 (Finale)  
 Roger Slåstuen
 
Mukampen spel- og dansarlag
 
 (Finale)  
 Torill Aasegg
 
Mukampen spel- og dansarlag
 
 (4 plass finale)  
5Hans Sandum
 
Mukampen spel- og dansarlag
 
  75 
6Torfinn Hofstad
 
Trøndelag folkemusikklag
 
  74 
7Arne M. Sølvberg
 
Spelemannslaget Fjelljom
 
  70 
7Solveig Brekke Hauknes
 
Laget for folkemusikk i Oslo
 
  70 
9Marie Skavnes
 
Vardkampen spellmannslag
 
  69 
10Runhild Heggem
 
Nordmøre Spelmannslag
 
  49 


Junior:

1Ragna Valde SlettenVågå spel- og dansarlag  68 
2Jorunn Marie RemenSpelemannslaget Dåm og Drag  49 


 

Artikkeltags