Heim att med gull og sylv

DOBBEL: Bjørn Kåre Odde (t.h.) leia Lom til seier i lagspel og vann Open klasse i trio med bror Mads Erik og Øyvind Sandum. Astrid Sulheim (t.v) vart beste døl i fele A med andreplass. 5.-8. august står Lom spel- og dansarlag som arrangør av norsk folkemusikks andre storstemne, landsfestivalen i gammaldansmusikk. I midten Kjartan Haugen Foss, nummer fire i yngste klasse, far Ole Foss og Amund Bjørgen.Foto: Ketil Sandviken.

DOBBEL: Bjørn Kåre Odde (t.h.) leia Lom til seier i lagspel og vann Open klasse i trio med bror Mads Erik og Øyvind Sandum. Astrid Sulheim (t.v) vart beste døl i fele A med andreplass. 5.-8. august står Lom spel- og dansarlag som arrangør av norsk folkemusikks andre storstemne, landsfestivalen i gammaldansmusikk. I midten Kjartan Haugen Foss, nummer fire i yngste klasse, far Ole Foss og Amund Bjørgen.Foto: Ketil Sandviken.

Artikkelen er over 3 år gammel

Neste vekes arrangør av landsfestivalen i gammaldansmusikk fekk med seg heim att både gull og sylv til Lom frå landskappleiken på Fagernes.

DEL

Spellemannen på taket frå Det Norske teatret sist vinter, Bjørn Kåre Odde (25) frå Garmo, vart beste lokale utøvar på årets landskappleik.

 Han tok to gull som leiar av Lom spelmannslag og som medlem av trioen Odde-Sandum-Odde i Open klasse saman med bror Mads Erik og Øyvind Sandum, båe på trekkspel. Dei tre bur også saman i Oslo.

Gruppa «Tri» med Bjørn Sigurd Glorvigen, Dovre, Even Lusæter og Vegar Vårdal, Vågå, kom på andreplass.

Napp på første forsøk

I den gjevaste feleklassa kom vinnaren frå 2011, Astrid Sulheim frå Lom, på andreplass. Hans Sandum, Lalm, har gradvis spelt seg opp i tetsjiktet og vart nummer tre, Leif Inge Schjølberg, Vågå, fire, Roger Slåstuen, Vinstra, fem, Torill Aasegg, trønder i Mukampen, seks , og debutant Eirik Schjølberg, Vågå på sjuandeplass. Som ein av fem vart han også nominert til Fureprisfinale.

Vinnaren frå 2012 og 2013, Andreas Bjørkås frå Oppdal, tok sin tredje seier i fele A. Fjorårsvinnar Aslak Brimi, Lom, var denne gongen å finne som dommar, men leia Gudbrandsdølenes i Oslo til tredjeplass i lagspel bak Mukampen frå Heidal og Fron.

Fjorårets trippel- og Fureprisvinnar Mari Midtli (18) frå Sel gjorde det skarpt også i år med tredjeplass både i fele B og vokal B, og ligg an til opprykk til klasse A dersom det går like bra på neste års landskappleik i Vågå.

Likeeins Rasmus Kjorstad frå Harpefoss som kom på andreplass i fele B. Selma French Bolstad, Gudbrandsdølenes , vart nummer fire og er klar for A-klassa neste år.

Kongepokal til Frikar

«Dølasneillun» med Midtli, Amalie Aaseng og Astrid Garmo forvara fjorårsseieren i gruppespel junior. Sistnemnte fekk dermed med seg to gull attende til Lom, som medlem av spelmannslaget.

Ottar Kåsa vann den prestisjetunge hardingfeleklassa, som i 2011 og 2012, fjorårsvinnar Gro Marie Svidal, Jølster, kom på fjerdeplass med Fureprisvinnar Tor Hoslemo og Lars- Ingar Meyer Fjell føre seg.

I dans klasse A kom Eva Rusten og Håkon Sandum, Heidal-Vågå, på tredjeplass. Vågå vart nummer 14 i lagdans, Mukampen 19 og Skjåk 26.

Frikar Hallgrim Hansegård sikra seg årets kongepokal i hallingdans på heimebane.

Per Midstigen, Otta, vann fløytespel, Sissel Morken Gullord, Biri, dobbelt sylv på lur og bukkehorn.

Sjå også: Til topps i Open klasse

  Kvinnfolk som kar i springleiken

Glimt frå landskappleiken

  Nummer tre i dans og durspel

Nummer tre i dans og durspel Lom vann lagspelet

Nummer tre i dans og durspel Lom vann lagspelet Kappdansen går

Artikkeltags