OTTA: Tenk for eit kappleikvær, nå kosar vi oss, utbryt ein gjeng vagværar som har slått seg ned utanfor matteltet for å «slukke tørsten».

Inne i teltet er det lang kø. Spesielt laksen er gjev, får vi vite, og arrangøren får skryt for god mat og rikelege porsjonar.

Fortelt lyt ein ha når ein er på kappleik, for da blir det alltids mykje folk ut og inn, fortel Jonas Reitan frå Ålen i ferd med å ordne seg på baksida av Ottahallen, kloss inntil kappleikarenaen.

Det meste av Øya-området er dekt av telt og campingvogner, likeeins skuleområdet på Nyhusom - og held været blir det nok eit «sabla liv» tri heile dagar til endes...