Forrykande danseshow

SUPERMANN: Carl Vaughnus, kjent frå Norske Talenter, i svevet. Da vart også rapparen og programleiaren Kjell Marius Snipen omtrent mållaus. Avslutningsshowet der alle deltok var prikken over i-en.

SUPERMANN: Carl Vaughnus, kjent frå Norske Talenter, i svevet. Da vart også rapparen og programleiaren Kjell Marius Snipen omtrent mållaus. Avslutningsshowet der alle deltok var prikken over i-en. Foto:

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

Dei tok pusten frå alle i salen, dei unge dansarane som deltok på danseshowet i Dombås kino laurdag kveld.

DEL

Publikum som valde bort TV2s Skal vi danse til fordel danseshowet på Dombås, angrar nok ikkje. Der sette lokale og tilreisande dansarar av stort format farge på laurdagskvelden med ei oppvisning som dei seint vil gløyme.

Og der fekk unge dansarar frå Lesja og Dovre Danseteam og gjestene vestfrå, Noise frå Molde vise kva som bur i dei. Det var danseglede frå start til slutt.

Tre av dei fremste instruktørane i streetdance var hyra til å lære norddølane hiphop og andre takter. Rundt 60 unge dansarar deltok på workshop laurdag og sundag. Og dei hadde lært mykje berre i løpet av den fyrste dagen. Det viste dei under showet.

Det var Huyen Hugnh og Carl Vaughns saman med Nikita frå Molde danseklubb som var instruktørar. Og dei var også sentrale under showet. Som vanleg fekk danseløvene Sondre Olsen-Bye og Hanne Liven Slette det til å krible i dansefoten. Sølvvinnarane frå VM i Boogie Woogie framførte eit swingande dansenummer. Også Silje Olava Bakken var invitert. Dovre-jenta går andre året på dansehøgskulen og er på veg mot store høgder. Ho framførte eit glimrande dansenummer.

Artikkeltags