100-årskveld på biblioteket

Aslaug Høydal ved skrivemaskinen i heimen Løyndebru 83 år gammal.

Aslaug Høydal ved skrivemaskinen i heimen Løyndebru 83 år gammal. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Det er 100-årsjubileum for Aslaug Høydal i Skjåk bibliotek tysdag 12.april.

DEL

I samband med at det er 100 år sia forfattaren Aslaug Høydal (1916-2007) vart fødd, har Skjåk kommune sett ned ei nemnd, for å få markert jubileet.

Foredrag om hovudoppgåve

Nemnda har invitert Einar Gotehus frå Seljord, heimbygda til Høydal, til å halde foredrag i biblioteket tysdag 12. april. Han har skrive hovudoppgåve om bøkene til Høydal.

I tillegg vil Mari Brenna fortelja om «naboen» Aslaug. Høydal kom til Skjåk som lærar og vart verande her resten av livet.

Det blir også kulturelle innslag og enkel servering og det heile er gratis.

Artikkeltags