– Eit forsvar for vergelause

Lydhøyrt publikum: - Eg vil takke Skjåk for å dra i gang ei storstila markering av Aslaug Høydal. Det er stort å få vera med på dette, sa Einar Gotehus frå Seljord.

Lydhøyrt publikum: - Eg vil takke Skjåk for å dra i gang ei storstila markering av Aslaug Høydal. Det er stort å få vera med på dette, sa Einar Gotehus frå Seljord.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Første minnemarkering for 100-årsjubileant Aslaug Høydal fekk svært god oppslutning.

DEL

– Ho har markert seg som ein av dei største forsvararane for barn og unge, veike og vergelause, og det fortener ho stor heider for, fastslo pensjonert høgskulelærar Einar Gotehus frå Seljord i sitt foredrag om «Aslaug Høydal - med pennen som våpen» i Skjåk bibliotek tysdag kveld.

Første av fire program

Dette var første av fire program som jubileumsnemnda i regi av historielaget har lagt opp til i samband med 100-årsjubileet for den produktive forfattaren frå fjellgrenda Langlim i Seljord. Høydal kom til Skjåk som lærar i 1971 og vart verande til ho gjekk bort i 2007.

Gotehus er frå same grend, og har skrive hovudoppgåve om bøkene til Høydal.

Det er ikkje få.

I foredraget tok Gotehus for seg to av dei, «Sevje» og «Dyr last», med kritikk av skule- og skulesystem. Om linedelt ungdomsskule, elite- og søppelklasser, mobbing og sentralisering. «Skulen har svikta elevane, alle må få same kjensle av menneskeverd», hevda Høydal.

Aktuelle problemstillingar den dag i dag, og dette fekk Gotehus til å hevde at Høydal var klarsynt og framsynt og før si tid.

Kunne høyre knappenåla

Det var eit svært lydhøyrt publikum i det overfylte biblioteket, her kunne ein lett ha høyrt knappenåla falle til golvet.

– All hennar dikting munnar ut eit forsvar for dei veike og vergelause, og dette er kjernen i livsverket hennar, men forfattarskapen manglar kunstnerisk rikdom. Det er lett å sjå at lærarane ber fram synspunkta til forfattaren. Romanen får ikkje utvikle seg og det er ein hemsko og veikskap for diktinga. Høydal ville først og fremst vekkje til debatt, men i fleire av romanane avslører ho at det finst ein diktar i henne, sa Gotehus.

Den litterære produksjonen til Høydal er svært omfattande med 54 bøker i løpet av ein femtiårsperiode: romanar, barnebøker, noveller, diktsamlingar, folkelivsskildringar og biografiar. Debuten Born og bøling kom i 1950.

– Vi skal ikkje berre jubilere, men prøve å vise fleire sider ved Høydal, som kan vera litt travaleg å koma bakom, og det er fantastisk godt for oss som har jobba med dette å sjå at så mange interesserer seg for dette, sa nemndleiar Stein Grjotheim, som takka for frammøtet med å lesa to små vers «No veit eg kva lukke er...»

Diktardagane i september

27. april blir det teaterframsyning av kulturskulen som bygger på «Hønemor og dei tolv små kjuklingane». 4. juni er det lagt opp til eventyrstund i biblioteket, og under Diktardagane i Ottadalen blir det festforestilling i Lundagrende, der Høydal slo seg ned og bygde hus. «Løyndebru» står til vanleg tomt, men skal opnast for publikum denne dagen. Det blir musikk ved gruppa Sol i skuggeskog, Skjåk songlag og Magnus Lilleengen og opplesing ved Magnhild Bruheimog Endre Skjåk.

Sistnemnte tok publikum med på ei reise inni fantasien med opplesing av dikt frå boka Berg og blåne frå 1965.

Biblioteket var pynta med teikningar og teikneseriar tillaga av skuleungar som er inspirert av diktinga til 100-årsjubilanten frå Seljord som slo seg til i Skjåk.

Siste ord er enda ikkje sagt.

Les også: 100-årskveld på biblioteket

Artikkeltags