Mange gjeve premiar vart spelt og dansa inn av folk frå Gudbrandsdalen og Ottadalen.

Fyrstepremien i den klassa det nok var hardast konkurranse gjekk til Grindstuen og Midtli få Sel. Med konkurranse frå 37 andre grupper spelte selverane seg til topps og fekk æra av å avslutte ein fantastisk festival i Lom. Det var og dølaspelemenn som kom på dei to neste plassane. Sylvplassen gjekk til Dølalæte og bronse til Syvers orskester.Men, premierekkja stana ikkje der. Les berre her. Sør Fron Spelemannslag kom heilt til topps i klassa lagspel. På dei to neste plassane kom det og dølalag, Lom Spelemannslag vart nummer to og Mukampen Spelemannslag nummer tre. Slikt står det respekt av i knallhard konkurranse.

Gode plasseringar

Detr var og dølar som dansa best under tevlinga. Anne Grete Nyseter Bjørgan og Rolf Bjørgan markerte 30- års bryllupsdag med siger i pardans. Siger vart det og til spelemann frå arrangørlaget. I klassa solo fele/hardingfele spelte Aslak Opsahl Brimi seg til siger og Bjørn Kåre Odde seg til tredjeplass. Men, det stopper ikkje der. Les berre her: I solo durspel junior spelte Even Offerdal Bakken seg til tredjeplass, i solo durspel senior kom Øyvind Sandum på tredjeplass og i solo andre instrumenter junior spelte Even Offerdal Bakken seg heilt til topps.  Espen Barlund Nicolaisen frå Lom kom på tredje. Øyvind Sandum stilte og i klassa solo andre instrumenter senior, og kom der på andreplass. I lagdans dansa Vågå- spel og dansarlag seg til ein femteplass, tett foran arrangørlaget frå Lom.

Song frå Vågå

Dølane stilte og i Open klasse. Spelldåsen sang og spelte seg til ein andreplass etter vinnarane Marie Skavnes og Øyvind Selnes. I klassa for samspel junior kom Lom juniorspelemannslag på tredjeplass  og Sør-Fron juniorspelemannslag på femteplass. Arrangøren, Lom Spel- og Dansarlag gav frå scena ros til alle deltakarar og alle dei som har vore med på å stelle i stand det ein godt kan si har vore ein suksess. Arrangøren frå Lom vart tildelt ei lang rekke lovord for det som vart betekna som eit sæers vellukka arrangement.

Bildeserie

Bilder frå meisterkonserten

SJÅ BILDESERIE: