Lørdag kveld er siste sjanse for unik teateroppleving

MARATON: Laurdag kveld er siste forestlling av "Fru Inger til Østeraat" i Otta kulturhus, eit samarbeidsprosjekt mellom Marie og Fredriks teaterlag og Black Box Teater, avdeling Otta.

MARATON: Laurdag kveld er siste forestlling av "Fru Inger til Østeraat" i Otta kulturhus, eit samarbeidsprosjekt mellom Marie og Fredriks teaterlag og Black Box Teater, avdeling Otta. Foto:

Av

Laurdag kveld er siste høve til å få med seg årets store teateroppleving på Otta, den 8,5 timer lange forestillinga Fru Inger til Østeraat.

DEL

- Ei utruleg spennande oppsetjing og eit kult konsept, scenografien er heilt sjukt bra. Eg er utruleg imponert og måtte berre sjå dette ein gong til, utbryt 18 år gamle Ilse Munch Lindvig frå Vågå, ho sit og ventar på å sleppe inn til nest siste forestilling av «Fru Inger til Østeraat».

Ho fekk på ingen måte nok med ei framsyning, sjølv om den er 8,5 timar lang, frå klokka 22.30 til 07.00

Marie og Fredriks teaterlag

Regissør Marie Nikazm Bakken frå Otta har saman med scenograf og kostymedesignar Fredrik Floen frå Gausdal danna eige teaterlag, Marie og Fredriks teaterlag, og har i samarbeid med Black Box teater grepe fatt i  Henriks Ibsens tidlege stykke og utvikla det til ei maratonforestilling på sitt vis, ei vidareføring av «Kongsemnerne» i Otta kulturhus i 2015. Det vara i seks timar.

Fru Inger bur aleine i ei borg med spøkjeria sine og med mange skjelett i skåpa rundt omkring...

Seks framsyningar

Øvingane med ein stab på over 20 personar tok til 25. juni  med mål å ha seks framsyningar, fordelt på tre helger. Premieren var 24. august.

«Fru Inger til Østeraat på Otta er eit overflødigheitshorn av kreativitet og galskap, talent og vilje i full blomst. Årets mest minneverdige teateroppleving. Kast deg på bussen før den går. Eg løøøved it!!», skreiv vår lokale teagerregissør Endre Skjåk etter premieren 24. august.

Laurdag kveld er siste sjanse. Fredag kom det ei busslast heilt frå Oslo...

Artikkeltags