Konsertdebut på Gardsøy

Det er første gongen Leif Inge Schjølberg og Dag Gården held konsert i lag.

Det er første gongen Leif Inge Schjølberg og Dag Gården held konsert i lag. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Det er første gongen dei spelar i hop, og det er første konserten i det oppattbygde fjøset på Gardsøy.

DEL

– Samanlikna med dette, blir alt anna småtteri, seier Edel Aas og slår opp fjøsdøra. Seks år etter at ho og mannen Terje Marstein overtok omdiskuterte Gardsøy, også kalla Øvre Øy, er det klargjort for den aller første konserten i den totalrenoverte driftsbygningen frå 1920.

Påkosta fem millionar

Med slektsband til Lom og Skjåk, hadde ekteparet med landmålarkontor i Oslo lenge vore på utkik etter eit bruk i Ottadalen. Det var i 1969 Anne Øy skreiv testament der ho ville at gardsbruket skulle gå til Vågåheimen gjennom sosialstyret, og dette førte til mykje bry for Vågå kommune. Det vart ei løysing da Fortidsminneforeningen overtok Gardsøy i 1996, men foreninga såg seg ikkje i stand til å fullføre restaureringa.

– Mykje var gjort, men ikkje eitt rom var i orden da vi overtok hausten 2011, sa Aas til GD for to år sia da Simen Bjørgen dukka opp med lovnad om 550.000 kroner i støtte frå Kulturminnefondet. Riksantikvaren har også lagt pengar i prosjektet, men det er stor eigeninnsats.

– Vi sette i gang over påske i 2012, har saman med to døtre brukt all fritid og hittil har det gått med fem millionar kroner, av dette fire millionar på driftsbygnigen, fortel Aas og viser oss rundt.

I kjellaren er det kjøken og peisstugu, fjøset er ominnreidd til selskaps- og konsertlokale og på låven kan det sommarstid dekkjast til 120 - kjørebru over er intakt med utstilling av gammal reiskap frå garden.

Pøbb og dans etterpå

– Vi har hatt ein del selskap, men dette blir første konserten med open pøbb og dans etterpå, seier Aas, spent på akustikken.

Dag Gården og Leif Inge Schjølberg er på plass for å øve og testen lyden. Dei er plateaktuelle kvar for seg, og slår seg like godt i hop for å få litt meir blest.

Schjølberg visste om restaureringa, var inne og såg på lokala og meinte dei kunne eigne seg.

Repertoaret for konserten er variert med mange slåttar etter far til Dag, nyleg avlidne Kristian Gården, Hjalmar Moen og ein del nye komposisjonar. Det blir med fleire lokale dansespelemenn etterpå.

Artikkeltags