Han er ny sjef for Norsk Kulturarv

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

Erik Lillebråten frå Vågå er tilsett som ny direktør i Stiftelsen Norsk Kulturarv.

Lillebråten har reiselivsbakgrunn og økonomisk og administrativ utdanning frå Norsk Hotellhøgskole.

Han har arbeidd både med salg, marknadsføring og drift innafor reiselivet mellom anna på Quality Hotel & Resort Hafjell.

Lillebråten har den siste tida arbeidd med eit reiselivsprosjekt i Folldal, Nasjonalt Turistvegsenter i Folldal i tilknyting til Nasjonal Turistveg Rondane.

Lillebråten tar over som direktør i løpet av november etter Simen Bjørgen, som er tilsett som direktør for Norsk kulturminnefond.

Artikkeltags