I dei djupe Heidalsskogane mellom skrømt, huldre og sjølvaste Heidalstrollet var det torsdag kveld premiere på musikkteaterframsyninga «Skuggreidd» i Heidal. Framsyninga er i samband med den norske eventyrfestivalen som foregår i desse dagar i Heidal. Eventyrfestivalen har 10-års jubileum og veka er til ære for eventyrverden.

Omtrent 300 personar tok turen til Bjølstadsetra i Heidal for å få med seg framsyninga. At det kom nokre regnbyger la ingen demper på den trolske stemninga som er ved setra. 150 frivillige stiller opp og lager si eiga framsyning. Både småe og store. Og dei pratar sjølvsagt heiddøl.

Siste framsyning fredag kveld

Publikum fekk med seg historien om familien som bur på Gamlesetra i Heidal. Kåra er stakkarsleg og frykta for dei underjordiske er stor. Her gjeld det å banke tre gongar på døra for å skremme bort dei underjordiske. Men odelsguten Ellan både leiker med dei underjordiske og han trur iallfall ikkje på Gud og Jesus. Rett framfor lensmannen som kjem for å kaste dei ut av garden talar han rett imot den kristne tro og på grunn av blasfemi hamner han i galgestokken.

Korleis enden på eventyret i dei djupe skogane er kan du få med deg sjølv fredag kveld. Det er nemleg berre to framsyningar av «Skuggreidd».

- Imponerande musikk og for nokre omgjevnader. Dette er heilt trolsk, var dommen til Anita og Bjørg Rundheim i pausa.

Sjølvlaga kostyme

Musikkbandet heiter «Skuggreidd» som framsyninga. Til publikums store begeistring serverte dei musikk på høgaste nivå.

- Vi er og imponert over kostyma, seier Rundheim til GD.

Hege Krukhaug frå Eventyrfestivalen fortel at alle kostyma på framsyninga er handlaga.

- Vi har sitti oppe til langt på natt. Du verden kor mykje arbeid vi har lagt ned, men så er det jammen moro å sjå at så mange stiller opp og er engasjerte, seier Krukhaug.

Eventyrpris til Hodne

Ho fortel om ein godt besøkt festival så langt.

- Interessa har vore heilt enorm. Eg rekner med det kjem ein del folk fredag kveld også. Billettane til «Onde stakken» laurdag går så det suser, seier Krukhaug.

Før framsyninga fekk Ørnulf Hodne årets Trollaugepris. Den går til ein person eller institusjon som gjennom sitt arbeid held eventyrtradisjonen levande.

Kva er ditt favoritteventyr?