Gå til sidens hovedinnhold

Klare for Hamsunpremiere

Artikkelen er over 12 år gammel

- Fallhøgda er stor, men vi hoppar nå berre etter oss sjølve da, seier Endre Skjåk med ein skjelmsk smil. Onsdag kveld er det premiere på Diktarplager 2 i bygdatunet Presthaugen i Lom, torsdag i bygdatunet Jutulheimen i Vågå. Det blir berre ei forestilling til i år, på Fagernes 5. september.

Til gjengjeld kjem CD’ en denne gongen ut likt med premieren, ikkje lenge etter som den førre.

Samanslutninga ”De Plagede” og Jotunheimen Underholdning, med utspring i det populære folkrockbandet Lomsk, gjorde furore med sin første kabaret under Diktardagane i Lom for to år sia.

Nå er det heilt og fullt Hamsun og diktssamlinga ”Det vilde Kor”.

- Dette er delvis eit bestillingsverk frå den nasjonale jubileumskomiteen for Lom og Vågå, og det synest vi sjølvsagt er artig, seier foregangsmann Endre Skjåk.