Den folkelege komikaren Klaus Sonstad kjem til Skjåk mellom 22. og 25. april saman med tv-produksjonsselskapet Feelgood. Med humor i blikket er dei på jakt etter det spesielle.

– Vi skal le med, og ikkje av, seier researcher Karina Lystad. Ho opplyser at Skjåk er den einaste kommunen i vårt distrikt Klaus & co besøkjer. I alt er det snakk om 11 plassar dei skal lage program frå. Det fyrste programmet i serien blir vist 8. april. Produksjonsselskapet og Klaus Sonstad er ute etter for eksempel lokale kjendisar, kanskje ein spesiell butikk, gründer, firma, noko bygdefolket er særleg kjent for, ein snakkis, noko som kanskje ikkje fungerer optimalt, særeigne turistattraksjonar, lokal kultur. Målet er å lage eit svinaktig godt program.Den siste innspelingsdagen blir det standup show som skal haldast for bygdefolket.Så det skjer i Skjåk. Trio-Odins gull, og så dette samstundes.