SØR-FRON: Dei tre er Torbjørn Økland, Carl Øyvind Apeland og Paul Hansen, som ville halde fram å spille saman, sjølv etter at dei la åra med Vamp bak seg. Sanneleg har dei ikkje innlemma Klåpbakken som fast medlem, slik at dei har vorte ein kvartett.

– Har du tid til dette, du som er småbarnsmamma?

– For meg er det godt å få jobbe og spille saman med folk som er etablert med familie, slik som eg er. Det gjer det noko lettare å planlegge reiser, turnear og konsertar. Dessutan får eg gjere ting eg føler eg har utbytte av sjølv i Blest, seier Vinstra-musikaren.

Fordel å vere jente

– Einsleg kvinne mellom tre karar er rått parti. Har du i det heile tatt innflytelse på bandet?

– Det er ein stor fordel å vere jente, og eg følger vi er gode kollegaer.

– Kjente du gutane frå før?

– Torbjørn Økland gjennom samarbeidet med Helene Bøksle, men ikkje dei to andre. Det var Torbjørn som overtalte dei til å ta meg med i Blest.

Det er ikkje første gong Blest er i Gudbrandsdalen. I fjor haust spilte bandet under Fårikålfestivalen i Ringebu. Den første plata deira kom i fjor vår, framleis med snev av sounden som gav Vamp gjennombrotet. Men dei vil helst vere seg sjølv og knytte det musikalske uttrykket sitt til Blest-namnet. "I dine sko" blei ein slags prolog på kva som var i vente, mens sjølve albumet fekk same namn som gruppa.

Blir kystjente

Blest har basen sin i Haugesund-området. Marie Klåpbakken fortel at ho står på flyttefot til Stavanger der mannen hennar er ifrå. Nærleiken til dei tre musikarane kan gjere det enklare å jobbe i lag med Blest.

– Stavanger har eit rikt musikkliv, og kommunikasjonsmessig vert det minst like greit å arbeide i denne bransjen her som med base i Oslo eller Gudbrandsdalen.

– Og så bur venninne og kollega, nybakt mamma Helene Bøksle, i Flekkefjord, to timar med bil frå Stavanger?

– Ja, det gjer det mogleg med meir kontakt, seier Klåpbakken.