Nei til "landsskyttarkappleik"

Vil ha både landskappleik og landsfestival: Nyvald FolkOrg-leiar Hilde Reitan frå Vågå ser ikkje for seg å slå saman dei to festivalane til «landskyttarkappleik». I den travle vrimmelen på landsfestivalen i Oppdal tok den nyvalde FolkORg-leiaren frå Vågå seg tid til å svare på GDs utfordring etter landskappleiken. Interessante problemstillingar, seier ho.Alle foto: Ketil Sandviken.

Vil ha både landskappleik og landsfestival: Nyvald FolkOrg-leiar Hilde Reitan frå Vågå ser ikkje for seg å slå saman dei to festivalane til «landskyttarkappleik». I den travle vrimmelen på landsfestivalen i Oppdal tok den nyvalde FolkORg-leiaren frå Vågå seg tid til å svare på GDs utfordring etter landskappleiken. Interessante problemstillingar, seier ho.Alle foto: Ketil Sandviken.

FolkOrg-leiar Hilde Reitan frå Vågå ser ikkje for å slå saman landskappleiken og landsfestivalen til ein «landsskyttarkappleik», men vil ha klårare skilje mellom dei to folkemusikalske storstemna.

DEL

Vi gir deg alt om hvordan valget påvirker deg - KUN 5 kr for 5 uker

- GD reiser svært interessante problemstillingar, men det er for tidleg å konkludere med at landskappleiken og landsfestivalen i gammaldansmusikk har utspelt si rolle, seier Hilde Reitan.

For tett på

Leiaren i den folkemusikalske landsorganisasjonen FolkOrg trur lågare deltaking og oppslutning i år skuldast at dei to festivalane vart for tett innpå einannan.

Det var etter landskappleiken på Røros GD stilte spørsmål ved om det er på tide å slå saman landskappleiken og landsfestivalen etter modell frå landsskyttarstemnet med ei heil veke til endes.

– Til landskappleiken i Vågå i fjor var det rekordoppslutning, og det var god oppslutning til landsfestivalen i Gaupne, likeeins Fagernes og ikkje minst Lom året før.

Sjå bildeserie:

Bildeserie

Glimt frå landsfestivalen

Ekte buskspel med Helge Hysjulien & co frå Gausdal og Skåbu på festivalcampingen.

Reitan trur det vil normalisere seg neste år med landskappleik i Trysil ved sankthans og landsfestival i Skjåk første helga i august. Da blir det lengre mellom storstemna.

– Eg meiner så absolutt at vi bør ha to store arrangement kvar sommar, for det er så få arenaer å drive på for oss i denne rørsla. Når det er sagt, så er det ei utfordring å finne arrangørar til så store stemne, og vi må nok vurdere om vi skal ha faste arrangørar som har stor nok kapasitet. Dette må diskuterast i styret.

– Mange synest tevlingane på landskappleik og landsfestival har vorte for like?

– Ja, det bør vera eit langt klårare skilje. Komp i lagspel oppstod da det vart arrangert NM. Etter mi meining bør det vera reine felelag, eller eldre folkemusikkinstrument, på landskappleiken. Vi ser også at slåttevalet på landskappleiken etter kvart har vorte tilpassa komp med bass og gitar. Eg er oppteken av å dyrke dei eldste slåtteformene på landskappleiken så lenge vi har landsfestivalen som arena for dei noko nyare musikktradisjonane. Dette blir nok tema for styret når dei to arrangementa skal evaluerast til hausten, seier Reitan.

Veteran frå Lillehammer

Det er mykje døl på landsfestivalen, av dei aller mest trufaste er Ola Sandum frå Lillehammer. I sitt 76. år har han vore med på alle fra den første i Førde i 1986. Han spelte til dans for første gong på Vonheim på Lalm for 63 år sia.

– Eg har prøvd å slutte to gonger, men har vorte drege med att. Det får berre «kule» så lengje det går, seier Sandum, og gjer seg klar til innsats for Mukampen Zero Zette 1954-modell.

Les også: Dobbel Mukampen i felefinale

  Durspelslepp på landsfestival

Dobbeltseier til ung lomvær 

  Til finale i lagspel Til finale i lagspel

Artikkeltags